Då Tove Johnsen flytta til Sykkylven for 13 år sidan var ho rask med å kontakte Sunnmøre hundeklubb. – Når du er tilflyttar og har hund så kjem du i kontakt med folk, seier ho.

Tove Johnsen og Vivian Johnsen med sine firbeinte venner: Happy og Fiffi, og Blecky og Linns. (Foto: Hanne Suorza)
I dag har Sykkylven ei eiga avdeling i Sunnmøre hundeklubb. Denne dagen er om lag 60 hunde-eigarar samla ved gamle Jarnes skule. Mange er medlemmar, medan andre har teke turen fordi dei vurderer å bli med.
Leiar i klubben, Anna Myklebust, ønskjer velkommen. Ho opplyser om at hundeklubben har to treningar i veka. Det handlar om positivt hundehald, om å vere lydig, om spor og agility (hinderløype). Redningshundar trener på søk og viser fram ferdigheiter med stor presisjon.

Anna Petrin Myklebust er leiar i hundeklubben. Her er ho saman med hunden Birk, ein Flat-Coated Retriever. (Foto: Hanne Suorza)
Kurs og konkurransar
Hundeklubben held også kurs og tek del i konkurransar rundt om i landet.
Tove Johnsen har med seg to premierte utstillingshundar til klubben. Happy og Fiffi er nettopp tilbake frå konkurranse i Oslo.
- Denne gangen gjekk det ikkje så bra. Happy hadde ikkje roa. Men ho har gjort det bra både i Norge og i utlandet tidlegare, fortel Tove, som har konkurrert sidan tidleg på 70-talet.
Inkluderande
Happy og Fiffi lograr. Forsiktig helsar hundane på to mørke med lang hals: Blecky og Linns. Dei tilhøyrer Vivian Johnsen, som tilfeldigvis ber same etternavnet som Tove.
Verken hundar eller eigarar kjenner kvarandre frå før. I hundeklubben er det rom for å stifte nye vennskap.
- Her er det eit sosialt, positivt og inkluderande miljø, fortel dei to.
Det gjeld både for dei som trener mot ulike mål, og for dei som er til stades for å treffe andre med hund.
Godt selskap
Eva Britt Sandvik Aure er sekretær i klubben og eigar av to Labrador Retrieverar.
Hundane er først og fremst turkameratar og familiehundar, men trener også på blodspor. Dei er godkjende ettersøkshundar og er dyktige til å finne skadeskote vilt.
Ikkje minst er hundane godt selskap.
- Hundar er alltid glade for å sjå deg! Dei er fantastiske dyr som kan lære mykje forskjellig. Å vere aktiv med hund gir meg fine opplevingar utandørs. Eg har fått venner i heile Norge. Nesten alle kan ha glede av hund. Gammal eller ung, sporty eller bedageleg, seier ho.
Stor interesse
I følge Eva Britt er det stadig fleire i Sykkylven som kjøper hund.
- Interessa er aukande. Dei siste par åra har styret i hundeklubben jobba mykje med å fremje interessa for klubben. Det har vi fått til ganske bra. Vi held mange fleire kurs for medlemmane våre no enn for kort tid sidan, fortel Eva Britt, og legg til:
- Hundeklubben er open for alle som ønskjer ein møtestad. Eg trur mange ser for seg ein snever klubb berre for konkurransehundar og reinrasa hundar. Slik er det ikkje. Alle er velkomne, seier Eva Britt Sandvik Aure til brabygd.no
Lyst til å bli med?
Sykkylven hundeklubb har ei aktiv facebookgruppe. Eller besøk smhk.org for kontaktinformasjon, treningstider og ulike kurs.
Mona L Strand
24. oktober 2013
Flott skrevet:)
Og vi er aktive, skulle bare ha hatt ett innested om vinteren der det er muligheter for å trene agility.
Hadde jo håpet at rideklubben skulle få sin hall, slik at vi kunne få litt plass der, men men ser ikke slik ut:)
Hanne
24. oktober 2013
Tusen takk for fin tilbakemelding Mona! Håper de finn ein stad å trene vinterstid. Lykke til!