Det å sitte ved eit fiskevatn og koke seg ein kaffi på bålet er ro for sjela.
Kristian Moe skal leite lenge etter betre rekreasjon. Han er nestleiar i Sykkylven jeger- og fiskeforening og fortel om si store interesse.
- Vi er priviligerte her i landet som kan komme oss ut i tilnærma urørt natur og hauste frå den, seier han.
Å nyte fangsten i form av gode måltid er ein viktig del av interessa.
- Men ofte er situasjonane like viktige som fangsten. Spenninga ved jakt og fiske er spesiell, forklarer han.
Variert aktivitet
Sykkylven jeger- og fiskeforening (SJFF) har om lag 140 medlemmar, og er tilknytt Norges Jeger- og Fiskeforbund. I Sykkylven er det flest som driv med hjortejakt. Rypejakt og laksefiske i elvane er også populært.
Foreininga har mange faste aktivitetar, opplyser Kristian:
- Vi har to faste fiskekonkurransar. Ein i veslevatnet på Løvold i mai og ein på Aursneset i starten av september.
- I februar og mars gjennomfører vi jegerprøvekurs.
- På Fønixhuset har vi i løpet av hausten og vinteren temakveldar. Dei kan for eksempel handle om flugebinding, revejakt, mårfangst eller fisking av sjøørett.
- Om hausten har vi tilbod til dei som vil ta jegerprøve. Vi tek for oss opplæringsjakt både på småvilt og storvilt, i tillegg til eit slakte- og parteringskurs.
- Den største aktiviteten til foreininga er leirduebana på Sykkylven stadion ved Svartevatnet. Her er det skyting to gongar i veka frå april til 31. august. Det blir også arrangert stemner på bana. SJFF har hagler til utlån.

Fleire av jentene som driv med leirdueskyting har jegerprøva og driv med jakt. Ofte er det slik mange kjem i kontakt med sporten. Det er viktig at skyttarane er konsentrerte og til ei kvar tid tenkjer på korleis dei behandlar våpnenet. (Foto: Hanne Suorza)
Leirduskyting for damer
Ein gong i veka samlast ein gjeng med 5 -15 damer på skytebana. Med haglegevær og stor presisjon tar dei sikte på å treffe flygande leirduer. Ein slags tallerken i leire, keramikk eller porselen blir automatisk kasta i lufta på skyttaren sin kommando.
Camilla Almås har hatt leirdueskyting som hobby sidan 2008. Ho deler interessa for jakt og fiske med sambuar Kristian.
- Leirdueskyting er spennande og god trening før jakta tar til. Det er kjekt å sjå progresjon. Dessutan er det ein fin sosial aktivitet for den som liker å å vere med på noko litt annleis. Det er svært lett å bli hekta når du først har prøvt, seier Camilla Almås.

- Leirduebana er populær. Vi som er jegarar har ein stad å samlast, fortel Kristian Moe. Her instruerer han Monica Busengdal. I bakgrunnen står Camilla Almås og ser at det blir blinkskot. (Foto: Hanne Suorza)
Har du lyst til å vere med?
Alle med interesse for jakt- og fiske er velkomne til å ta kontakt. Møt opp på bana eller sjå facebooksida og heimesida til SJFF for kontaktinformasjon, tidspunkt, nyheiter og aktivitetar.
olav moldestad
3. september 2014
Hei når starter rype jakta i sykkylbem oh hvem selger fort?
Hanne
3. september 2014
Hei Olav. Foreininga kan sikkert svare deg. Sjå kontaktinfo nederst i artikkelen. God jakt! Mvh Hanne