Sykkylven Motocrossklubb

Hopp, svingar og vaskebrett i eitt køyr.

(*vaskebrett: woops/ held farta nede)

motocross2

- Mykje adrenalin, kjekt og utfordrande å halde seg på sykkelen, meiner Per Gunnar Tandstad til venstre i bildet. Her er han saman med Renate Karlsen og Joakim Urke. Joakim er ein av dei mest aktive utøvarane i klubben. (Foto: Hanne Suorza)

Inkluderande miljø

På motocrossbana i Megardsdalen finn små og store felles glede i fritidsaktiviteten.

- Her kan ingen foreldre sleppe borna på sykkel og overlate dei til seg sjølve, fortel Renate Karlsen, og legg til:

- Det er positivt for miljøet. Slik oppnår vi god kontakt og fint samspel mellom store og små.

På motocrossbana må dei vaksne vere saman med barna sine fram til dei er 16 år. Både fedre og mødre er involverte i sporten. Nokre foreldre køyrer også cross.

- Foreldra har også ansvar for at alle er inkludert. Dei yngste syklistane skal kjenne seg like velkomne som dei eldste, seier Renate Karlsen til brabygd.no.

motocross3

Klubben starta bygginga av motocrossanlegget i Hundeidvik sommeren 2008. Her frå Midtnorsk mesterskap i juni 2013. Simon Hustad i tet ut frå start. (Foto: Sykkylven Motocrossklubb)

Aktiv ungdom

Renate er mor til motocross-syklisten Joakim Urke. Ho ser at det er få idrettar som klarer å halde på tenåringane like lenge som motocross.

- Det er svært motiverande at så mange i ungdomskulealder er aktive. Dei er gode rollemodellar for dei små. Ungdommane er også med som trenarar, seier ho.

Mange av utøvarane deler også interesse for mekking av syklar. Det appellerer til gutar i alle aldrar. Etter kvar trening må utøvarane sjekke sykkelen og halde den ved like.

motocross6

Midtnorsk mesterskap juni 2013. Premieutdeling til alle barn i rekruttklassa. (Foto: Sykkylven Motocrossklubb)

To baner

Bana i Megardsdalen er oppdelt i ulike nivå.

På ei eiga knøttebane øver dei minste på teknikk og køyrer svingar i kontrollerte former. Syklane er 50 og 65 kubikk. Nokre har også ATV. Alle utøvarar må ha godkjent utstyr: ryggskinne, albuebeskyttarar, hjelm, hanskar og briller.

På den andre bana finn vi dei største syklane. Dei er frå 85– 450 kubikk. Her er det ei startslette med startgrinder. Det blir gitt gass i hopp, svingar og på beine strekk.

Å køyre motocross er krevjande. Difor får borna køyre i maks 20 minutt før dei må ta ein pause.

Sykkylven Motocrossklubb har faste aktivitesleiarar til stades på trening. Dei har teke sikkerheitskurs og er ansvarleg for aktiviteten på bana. Andre har teke kurs for å vere teknisk-kontrollør, trenar og for å kunne leie stemner.

motocross5

Rekruttane gjør seg klar til start. Før konkurransar er det mykje som skal på plass. Mellom anna flaggvakter, baneprepping, snekring, teknisk data og godkjenningar. (Foto: Sykkylven Motocrossklubb)

For alle

Renate fortel at motocross er eit fint alternativ for dei som ikkje driv med ballspel eller anna lagidrett. I følge henne er det fleire som ikkje finn seg til rette i andre idrettar som stortrivst på sykkel.

Det er også ein sport som kan tilretteleggast for funksjonshemma.

- Vi ønskjer at alle skal ha lik moglegheit til å drive med idrett. Difor har vi meldt vår interesse i eit prosjekt for integrering av funksjonshemma i motocross. I denne sporten kan du gjerne ha rørsleproblem og likevel komme på pallen i ein konkurranse, seier Renate.

Klubben er også med i Møre og Romsdal fylkeskommune si satsing ”aktiv på dagtid”. Det er eit tilbod for vaksne som ønskjer å kome i gang med lett fysisk aktivitet, med fokus på det sosiale.

Også barn med andre utfordringar finn glede i motocross.

- Vi ser mellom anna at barn med ADHD har stor nytte av å få utløp for litt spenning på ei bane i kontrollerte former. Dessutan er det viktig å lære seg kroppskontroll og balanse i ei tid då barna ofte er meir passive og stillesittande, seier Renate Karlsen til brabygd.no

Lyst til å vere med?

Motocross er for jenter og gutar frå fem år til vaksen alder. Klubben oppmodar alle til å ta turen. Då får du prøve og sjå om dette er noko for deg før du eventuelt investerer i utstyr.

Sjå facebooksida til Sykkylven Motocross for treningstider, kostnadar og meir informasjon. 

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.