Sykkylven storband

Funky rytmar gjer kulturlivet rikare.

storband1_web

Denne gjengen har stor sans for funk, soul og svingande storbandmusikk. Frå venstre: Jens Petter Stølen, Sveinung Utgård, Åge Frøystad, Ole Andersen, Anne Rita Kvistad Utgård,Torgeir Havnegjerde, Kari Anne Stølen, Sigurd Johan Aure Saure, Eva Oseberg, Bjørn Lade, Anne Rita Frøystad og Knut Vik. (Foto: Hanne Suorza)

Fire trompetar, fem saxofonar, fire trombonar og komp med bass, tromme, gitar og piano. Det er den faste besetninga i eit storband.

Sykkylven storband ønskjer nye medlemmar velkomne.

- Vi har ikkje opptaksprøver, men for å bli med bør du halde eit godt korpsnivå, fortel bassist og leiar Sveinung Utgård.

Hausten 2013 er det 14 musikarar og ein musikalsk leiar i Sykkylven storband.

Storbandet manglar musikarar på nokre plassar: trompet, saxofon og slagverk.

For å lære opp nye musikarar hender det at bandet tar inn fleire enn det den faste besetninga tilseier. Dermed kan også andre instrument få plass.

storband3_web

Sveinung (til høgre) har vore aktiv i musikkmiljøet i Sykkylven sidan barndommen. Då han var åtte år starta han i Skorpshorn Juniorkorps. I dag er han også med i Blue Horn Jazzband, Øss tre og i Nord Vest Bigband; eit storband med musikarar frå Sunnmøre og Romsdal. Til venstre i bildet ser vi Torgeir Havnegjerde. (Foto: Hanne Suorza)

Swingande

Torsdag kveld er det øving i lokala til Møre Trafo. Musikalsk leiar Åge Frøystad gir instruksar. Stilen og samspelet skal sitte før den komande konserten med Mariann Aas Hansen.

Det er ein av minst to store konsertar som storbandet held kvart år. I tillegg kjem oppdrag i forbindelse med båtdåp, bryllaup og messer.

Det blir spelt mest storbandjazz; ei vidareutvikling av New Orleans Jazz. Bandet framfører også også pop, rock, funk og soul.

storband2_web

Sykkylven storband er eit av dei eldste i landet. Det blei skipa i 1968 som ein del av musikklaget Lurlåt, under namnet Carl Tandstad storband. I 1976 gjekk storbandet ut av Lurlåt og tok namnet Sykkylven storband. På 90-talet låg storbandet nede nokre år, før det blei blåst nytt liv i instrumenta. (Hanne Suorza)

Lokale talent

Sykkylven storband er eit av dei eldste storbanda i landet.

Miljøet har vore viktig for lokale talent som i dag er profesjonelle musikarar. Kenneth Ekornes, Thomas Heggdal og Rune Bergmann er blant dei.

På scena har storbandet hatt med seg gjestar som Woodleg Odd, Blue Horn Jazz band, Margrethe Velle Ødegård, Kristina Roth Kurseth, Maria Holand Tøsse, Børre Dalhaug, Knut Eilefsen, Frank Brodahl, Fredrik Steen, Hilde Louise Asbjørnsen, Frode Alnæs, Elisabeth Andreassen og Brazz Brothers.

- Vi har vore bevisste på å involvere lokale musikarar og songarar i konsertar og prosjekt. Ved fleire høve har ungdom teke del i talentkonkurransar saman med Sykkylven storband. Alt dette har gjort kulturlivet i bygda rikare og variert, seier Sveinung Utgård.

Lyst til å vere med?

Sjå nettsida eller facebooksida til Sykkylen storband for kontaktinformasjon. 

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.