Har du lyst til å trene saman med barnet ditt? Badminton gir glede frå første slag!
Cecilie Welle Bay har spela badminton sidan ho var 13 år. I haust tok ho med seg gutane Henrik (9 år) og August (7 år) på trening for første gong.
- Eg håper at fleire foreldre vil gjere det same. Vi har treningstider i hallen, men ikkje fast trenar. Difor er det viktig at dei vaksne er i hallen i lag med barna. Ein vaksen nybyrjar kan ha glede av å spele med barnet sitt. Det er kjekt å utvikle seg saman, seier Cecilie.
Ho fortel at badminton er ein enkel og morosam idrett som heile tida byr på nye utfordringar.
Dersom fleire foreldre møter opp, kan barna spele saman og foreldra like så. Badminton gir glede frå første slag. Det er lett å kome i gang. Ta med racket og innesko.

Frå venstre: Elisabeth Vatnehol Straumsheim, Oddrun Lade, Per Ivar Furholm, Cecilie Welle Bay og Elisabeth Hjellegjerde Skog. Fremst: Brørne August og Henrik Welle Bay.(Foto: Hanne Suorza)
Mixed double
Ved sidan av Henrik og August flyg fluga kjapt. Elisabeth Vatnehol Straumsheim og Elisabeth Hjellegjerde Skog møter Per Ivar Furholm og Oddrun Lade til kamp.
Her er det teknikk, styrke, uthald, spenst, taktikk, konsentrasjon og vilje som gjeld.
Dei fire har spela saman i 20 år og vil gjerne dele tips og triks med nye medlemmar. Både unge og eldre er velkomne.
- Det er fint om to spelarar kjem saman. Alle har best utbytte av å spele mot nokon som held ganske likt nivå, meiner dei.

Frå venstre: Per Ivar Furholm, Oddrun Lade, Elisabeth Hjellegjere Skog og Elisabeth Vatnehol Straumsheim. (Foto: Hanne Suorza)
Sprek
Lengst erfaring har Oddrun Lade, som har vore aktiv i badmintongruppa i 40 år. Ho har teke del i NM og divisjonspel i ei årrekke, og har mange gode minner frå då vennegjengen møttest på bana.
- Badminton er sosialt og god trening. Dessutan er det fint å spele innandørs om vinteren. Vi ser aktive utøvarar på over 80 år, så dette er ein idrett både for ung og gammal, seier Oddrun Lade til brabygd.no
- Du kan konkurrere individuelt, i double, mixed-double og som lag. Eller møt opp for å ha det gøy!
- Ved behov vil badmintongruppa vurdere å søke etter ein trenar for spelarar frå 9 år.
Lyst til å bli med?
Ta kontakt med leiar Elisabeth Vatnehol Straumsheim på telefon 92 85 06 25.