Credo er eit kor og messing-korps med godt vaksne medlemmar. Men i følge musikantane vil du få god mottaking uansett alder og kjønn: – Kvinne eller mann? Det speler inga rolle, berre du speler!

Credo fotografert ved Berlihuset. Frå venstre: Ove Straumsheim, Sverre Djupvik, Kjell Welle, Bjarne Enstad, Svein Støylen, Per Svein Tandstad, Svein Asbjørnsen, Reidar Skotte, Unni Solnørdal, Olav Pileberg, Jostein Gjævenes, Ivar Vestre, Torbjørn Støylen, Karsten Riksheim, Roger Tandstad og Svein Kolstø. Ikkje til stades: Olav Hatlemark, Arild Bergstrøm, Jarle Strømmegjerde og Odd Holen. (Foto: Arild Aure)
Credo Brass
- Ja, du vil garantert få god mottaking uansett kva dåpsattesten din viser, seier Olav Pileberg, som er ein av 20 medlemmar i Credo.
I følge Olav, er korpset eit eldorado for deg som likar å spele messinginstrument; tuba, trompet, horn, trombone, eufonium eller baryton.
Credo øver ein gong i veka i Sykkylven bedehus. Korpset opptrer i overkant av 20 gongar i løpet av eit år. Oftast i Sykkylven kommune, men også i kyrkjer, på institusjonar eller andre stadar i Møre og Romsdal.
Om hausten eller vinteren har Credo som regel eit øvingseminar med instruktørar som hjelper til med å blankpusse spele-dugleiken.
Olav fortel at miljøet i Credo er det aller beste:
- Alle medlemmene er utrusta med humoristisk sans, som gjer at låtten sit laust og kling godt.
Credo Vokal
Credo Vokal er ein del av Credo Brass, forklarer Olav:
- Det vil seie at den som likar å syngje, held fram etter korpsøvinga. Ikkje så lenge, men nok til å halde ved like det gamle, og av og til studere inn noko nytt. Credo Vokal opptrer gjerne ved same høva som korpset. Så dersom nokon har tinga korpsmusikk, får dei med korsong ”på kjøpet” – aldeles gratis!
Eit nummer som har hausta mykje vellæte i julekonsertane opp gjennom åra er Adams julsång – O, helga natt. Elles femner repertoaret om evangeliske og nasjonale songar, så vel som Spirituals.
77 år i Credo
Credo blei etablert allereie i 1936. Reidar Skotte har vore med sidan oppstarten. Då var han 10 år. Han har fått Kongens fortenestemedalje for innsatsen sin.
- Far min hadde kjøpt ein kornett i Amerika, minnest Reidar.
- Eg var heldig som blei spurt om å vere med. Og så har det berre balla på seg!
I dag speler Reidar althorn i korpset og syng første bass i koret. Han finn stor glede i musikken:
- Det er framleis kjekt. Samspelet. Musikken frå Frelsesarmeen. Det kollegiale. Å få opptre. At folk set pris på å høyre oss.
- Og forhåpentlegvis får eg vere med ei stund til. Eg er då ikkje 100 år enda! Men eg har bede dei andre om å gi meg eit tips når eg bør gi meg. Då får eg i alle fall sjansen til å seie opp sjølv, smiler Reidar Skotte til braybygd.no
Har du lyst til å vere med?
Credo ønskjer nye medlemmar velkomne. Om du har lyst til å kome på ei øving, kan du ta kontakt med ein av medlemmane eller spørje på kulturkontoret i kommunen. Du kan ringe Olav Pileberg på 915 32 561, eller styreleiar Ove Straumsheim på 469 34 436. På Sykkylven sin flotte lokalhistoriewiki kan du lese enda meir om Credo.