Sykkylven stadion er ein møteplass som yrer av liv. På kunstgrasbana er det trening, kamp og turnering 5000 timar i året.

Klar, ferdig, gå! Gutane lærer at konsentrasjon og fart må til for å bli gode fotball-spelarar. (Foto: Hanne Suorza)
- Ja, kunstgrasbana er i bruk heile 5000 timar i året. Til samanlikning var det 200 timar med aktivitet på den gamle grasbana, fortel leiar i Sykkylven Idrottslag (SIL), Vidar Hovland.
- Dette er noko av det meiningsfulle med fotball, forklarer han:
- Vi kan bruke store summar på idrettsanlegg. Frivillige legg ned tusenvis av dugnadstimar. Barn og ungdom set pris på det! Anlegga blir brukt!

Vidar Hovland er ein av mange eldsjeler i fotballmiljøet i Sykkylven. Har har vore leiar i SIL i 13 år. Fotball er den største gruppa i idrottslaget. (Foto: Hanne Suorza)
To klubbar
Aldersbestemt fotball i Sykkylven er organisert i to klubbar: Sykkylven Idrottslag og FK Sykkylven.
FK Sykkylven er eit samarbeid mellom VRF, Ikornnes IL og Hundeidvik IL. SIL gir eit tilbod til alle i sentrumsområdet.
I 2013 er det om lag 660 barn som speler fotball i Sykkylven. 260 av dei er mellom 6 og 16 år og speler for SIL. I FK Sykkylven er om lag 300 aldersbestemte spelarar fordelt på 30 lag. Sjå FKS si oversikt her.
Det er også stor aktivitet på banene i Straumgjerde, Velledalen, Hundeidvik og på Ikornnes.

Medan små føter spring etter ballen, er store hjelparar heiagjeng, kaffi-kokarar og trenarar på sidelinja. (Foto: Hanne Suorza)
- Barna må få velge
Fotball er ein idrett som rekrutterer jamt med idrettsungdom i Sykkylven. Dei siste 20 åra har sporten blitt like naturleg for jenter som for gutar.
Vidar meiner at barna sjølve bør bestemme kva idrett dei vil drive med.
- Vaksne og samfunnet generelt bør berre takke for at det er noko som fengjer og interesserer. Våre eigne interesser får kome i andre rekke, seier han.
Kameratskapet skal vere viktigare enn hard satsing på nokre gode spelarar.
- Vi må ta vare på alle. Eit godt idrettsmiljø skaper eit bedre samfunn og eit tryggare miljø å vekse opp i.

Her er førsteklassingane; dei aller yngste aktive fotballspelararne i Sykkylven. (Foto: Hanne Suorza)
Plass til alle som vil
Spesielt dei siste åra har Vidar sett at idrett er ein glimrande måte å integrere barn frå andre kulturar og land.
- På bana konkurrerer alle på lik linje. Stadig fleire innvandrarar er å sjå i idrettsmiljøet. Dette fører til at foreldra også byrjar å vise interesse for det arbeidet som blir lagt ned i blant anna fotballmiljøet, seier Vidar.
Dugnad og økonomi
Målet er at lave kostandar skal gi alle familiar moglegheit til å ta del i organisert idrett.
Men viktigare enn pengar er haldningar til dugnadsarbeid.
- Det er vanskeleg å kome seg unna. Frivillig innsats er framleis svært viktig. Dersom denne haldninga tek slutt, blir det fort dyrare å vere med, seier Vidar Hovland og legg til:
- Samfunnet sparer indirekte store summar på trivsel i eit sunt miljø. Verdien av dette er undervurdert.
Har du lyst til å vere med?
Alle fotballinteresserte barn i Sykkylven er velkomne!
SIL: Sjå SIL fotball si facebookside for meir informasjon og glimt frå kvardagen på Sykkylven Stadion.
FK Sykkylven: Sjå klubben si facebookside eller heimeside for kontaktinformasjon, lag og resultat.