Frå fjøre til fjells

Har du lyst til å nå nye toppar i dei vakre Sykkylvsfjella? Eller er du på leit etter små rusleturar langs fjorden? Turpostkonkurransen «Frå fjøre til fjells» viser vegen både høgt og lavt.

bildeinsta3web

Haust. (Instagram: @hannesuorza)

Sidan 2010 har turpostkonkurransen «Frå fjøre til fjells» (FTF) blitt eit omgrep i Sykkylven. For dei som ikkje er så godt kjent i bygda, kan det vere fint med ei forklaring:

  • Kvart år er det 12 nye turmål i FTF.
  • Turane strekk seg frå fjøra til høge toppar.
  • Dei fleste kan du nå etter jobb.
  • Du treng eit turkort, som kan kjøpast ved Hardhaus, Intersport eller Fokus Sport.
  • Rutene står forklart på baksida av korta.
  • Der står det også at du skal leite etter ein bokstav (ei fjøl) som du tar vare på.
  • Alle som finn minst seks fjøler er med i trekning av premiar.
  • Premiane blir delt ut på ein avlutningsfest i slutten av oktober kvart år.
  • For å vere med i trekninga må turkortet leverast i butikken der kortet blei kjøpt, eller på avslutningsfesten.
  • FTF startar 1. mai og blir avslutta etter haustferien kvart år.
  • FTF blei arrangert for første gong i 2010.
  • Det er årleg om lag 1000 personar med i FTF.
  • Både barn, ungdommar, vaksne og pensjonistar frå Sykkylven og andre kommunar tek del.
Vinter. (Instagram: @hannesuorza)

Vinter. (Instagram: @hannesuorza)

Initiativtakar og folkehelsekoordinator i Sykkylven kommune, Lars Petter Vemøy, trur eit enkelt opplegg gir suksess. Første året håpa han på 250 deltakarar. Talet steig raskt til 750.

Lars Petter har fått tilbakemeldingar frå folk som har oppdaga bygda frå nye plassar. Mange barnefamiliar har det kjekt når dei leitar etter bokstavane. «Frå fjøre til fjells» bidrar til ein sunnare livsstil.

- Eg har fått høyre frå folk som har gått drastisk ned i vekt. Dei fortel om eit nytt liv. At turane har bidratt til det, er veldig kjekt å høyre, seier Lars Petter Vemøy til brabygd.no

Brabygd har skrive fleire artiklar om «Frå fjøre til fjells»: Sprek i fjøre og fjell (20. september 2012) Klart for Fjøre til Fjells 2013 (1. mai 2013)

Avslutning med premiedryss

Fredag 25. oktober 2013 er det avslutningsfest for  «Frå fjøre til fjells». Det blir kafe, framsyning av turbilder, orientering om Ålesund og Sunnmøre Turistforening (ÅST) og premieutdeling. Du som har vore med kan vinne ein stol frå Ekornes. Gjensidige gir to måleri signert kunstnaren Per Grønli, ÅST gir gratis overnatting i ei DNT-hytte og Stamina gir tre heldige personar gratis treningskort i ein månad.

Vår. (Instagram: @hannesuorza)

Vår. (Instagram: @hannesuorza)

Har du lyst til å bli med?

For meir informasjon ta kontakt med folkhelsekoordinator Lars Petter Vemøy på 702 46 500/ 932 19 340/ lars.petter.vemoy@sykkylven.kommune.no

Nye kort er i sal ved Intersport, Fokus Sport og Hardhaus frå 1. mai.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

bildeinsta2web

Sommar. (Instagram: @hannesuorza)

1 pingback on this post
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.