Innebandy

Sykkylven klar for seriespel: – No tar vi klubben eit steg vidare, fortel Tom Audun Rossland Knutsen.

inenbany2_web

Tommy Rasmussen, keeper Gunnar Fausa og Tom Audun Rossland Knutsen. (Foto: Hanne Suorza)

Debuterer i serien

I sesongen 2013/2014 stiller Sykkylven med lag i seriecupen i Møre og Romsdal for aller første gong. Alle dei påmelde laga vil arrangere ei turnering kvar.

- Når vi no har meldt oss på i seriecupen, så blir julaftan på laurdag 7. desember for alle innebandy-interesserte, smiler Tom.

- Då skal vi arrangere turnering i Storhallen! Det blir innebandy frå tidleg til seint. Alle interesserte må halde av datoen, møte opp og oppleve innebandy i Sykkylven!

- Kva nivå har laget?

- Vi har aldri spela kamp før. Difor er det er umogleg å seie noko om korleis vi ligg an i forhold til dei 6-7 andre laga i Møre og Romsdal. Men vi trur naturlegvis at nivået vårt er skyhøgt!

Om Tom får rett, vil vise seg laurdag 2. november. Då sender innbandylaget sine beste menn til Eide for å spele MX Cup. Det blir som ei generalprøve til seriecupen, som startar 17. november i Molde.

innebany3_web

-  I løpet av ein sesong er det 20-25 spelarar innom treningane. Den yngste er 15 år. Han er så vidt eg veit også den einaste under 30, så vi treng absolutt fleire yngre spelarar for å redusere snittalderen vår, seier Tom Knutsen.(Foto: Hanne Suorza)

-Betyr mykje

For Tom, som flytta til Sykkylven i 2007, er innebandy-miljøet viktig:

- Sporten har vore ein del av livet mitt i snart 20 år. Det betyr mykje for trivselen at eg framleis kan spele innebandy i Sykkylven, seier han.

Det var i heimbyen Drøbak at Tom først fatta interesse for innebandy. Saman med ein vennegjeng starta han som tenåring eit eige lag. I studietida heldt han fram som speler for Lillehammer Innebandyklubb. Seinare i eliteserien for Sagene Innebandy.

innebany1_web

Tom Knutsen i kamp mot keeper Gunnar Fausa. (Foto: Hanne Suorza)

Mange mål

På bana går Tom under navnet Tomadoni. Han er kjend for å score mange mål.

Etter tøffe tak på bana kan det vere greit å lette på samvetet. På klubben si facebookside blir det sett ord på alvor og skjemt:

”Det er greit med sterkt vinnerinstinkt, høy temperatur, tøffe dueller og en utblåsning etterpå, men min oppførsel i går var ikke grei! Så nå skal jeg abdisere som en sytepave av en spiller og vokse opp på banen. Jeg skal imidlertid fortsette å være en primadonna, men holde munnen lukket og la målene gjøre snakkingen! Ses søndag!”

- Innebandy er fartsfylt, målrikt og intenst. Det er bra trening og eit sosialt lagspel, seier Tom Audun Rossland Knutsen til brabygd.no.

Lyst til å vere med? 

Klubben ønskjer nye spelarar velkomne. Trening to dagar i veka. Det er enkelt å kome i gang. Det einaste du treng er eit par innesko og ei innebandykølle. (Utlån ved prøvespel) Sjå klubben si facebookside for tidspunkt og kontaktinformasjon.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

innebany5_web

Alt du treng: sko og kølle. (Foto: Hanne Suorza)

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.