Røde Kors – Hjelpekorpset

Er du interessert i friluftsliv og førstehjelp? Ønskjer du å bli kjent i bygda? Då kan Røde Kors Hjelpekorps vere midt i blinken for deg.

rødekors1_web

Frå venstre: Åse Anette Elsebø, Tore Hauge, Tina Bjørnevik Flisnes, Jon Ervik, Heidi Josefsen og Kristin Rønnestad i Sykkylven Røde Kors Hjelpekorps. På golvet ligg eit backboard. (Foto Hanne Suorza)

Røde Kors har i dag to aktive avdelingar i Sykkylven:

Røde Kors har klubblokale på Vik. Der har medlemmane i Hjelpekorpset temakveld ein gong i veka. På programmet denne dagen står bruk av backboard; ei båre som mellom anna er eigna til å frakte pasientar i ulendt terreng. Gode samtalar, kaffe og vennskap er også viktig, fortel leiar i Røde Kors, Åse Anette Elsebø.

- Vi opplever at det alltid er meiningsfullt å hjelpe andre, seier ho.

Tina Bjørnevik Flisnes har vore med i Røde Kors sidan ho var 11 år. Hjelpearbeidet har ein viktig plass i livet hennar:

- Røde Kors blir ein livsstil. Hjelpearbeidet gir meg ein følelse av å vere til nytte. Når du hjelper andre, så får du sjølv også. Røde Kors gjer er eit respektert frivillig arbeid. Dessutan er dette ein fin arena for å bli kjent med andre, seier Tina.

Ønsket om å bli kjent var ein viktig motivasjon då Tore Hauge tok kontakt med Røde Kors vinteren 2012.

- Eg er frå Ulsteinvik, arbeider i Ålesund, bur i Sykkylven og hadde lyst til å komme i kontakt med folk i bygda. Det byrja med ei kjekk skredøving på Fjellsetra. Etter det fekk eg tilbod om eit førstehjelpskurs. Å vere med i Røde Kors er gøy og annleis. No kjem eg ut og treff nye folk, seier Tore Hauge til brabygd.no

rødekors2_web

Tina Bjørnevik Flisnes og Tore Hauge øver på å spjelke ei hand. (Foto: Hanne Suorza)

Som frivillig i hjelpekorpset i Sykkylven har du mange moglegheiter:

  • Hjelpekorpset er i kontinuerleg beredskap. Som aktivt medlem vil du på kort varsel rykke ut for å delta i søk og redningsaksjonar.
  • Hjelpekorpset er samla for temakveld ein gong i veka. Du vil for eksempel lære om bruk av oksygen, spjelking og hjartestartar.
  • Hjelpekorpset har ofte ansvar for førstehjelp under ulike arrangement. Dei stiller med sanitetsvakt, for ekspempel under fotballfestivalar og sykkelritt.
  • Hjelpekorpset har vakter på Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter. Der har Røde Kors ei flott hytte med vaktlokale, skadestove,  kjøkken, bad, to soverom og hems. Vaktmannskap kan overnatte i vintersesongen.
  • Hjelpekorpset tar del i leiteaksjonar etter ulykker, både her og uttabygds. Du vil få opplæring i for eksempel skredsøk.
  • Hjelpekorpset har stor kursaktivitet, mellom anna førstehjelps- og industriverkurs. Alle som ønsker å bli aktivt medlem i hjelpekorpset må gjennomføre grunnleggande opplæring i førstehjelp (ca. 30 timar). Du vil få tilbod om vidareutdanning.
rødekors3_web

Klar for vakt ved Røde Kors si hytte på Fjellsetra: Marius Kvingedal, Aud Flemsæter og Kristin Rønnestad. (Foto: Røde Kors)

Lyst til å bli med?

På Røde Kors si nettside eller facebookside kan du lese om aktivitetar, dei ulike adelingane, om Røde Kors Hytta og finne kontaktinformasjon. Ungdomsavdelinga til Sykkylven Røde Kors ligg for tida nede på grunn av for få leiarar. Interessert? Ta kontakt med Røde Kors)

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.