Røde Kors – Omsorg

Eg ser smila, og gleda vi får ved å gi.

røde-kors6

- Eg kunne ha dansa heile natta, smiler Oddlaug Strømme, som sikra seg ein svingom med Rolf Hansen. (Foto: Hanne Suorza)

Orda til Rolf Hansen, leiar i Sykkylven Røde Kors Omsorg, seier det meste.

Borda i pensjonistsalen er pynta med raude blomar, søte kaker og nykokt kaffi. Klokka 10.30 har 50 velkledde gjester funne sin plass.

Rolf tar mikrofonen:

- Hjarteleg velkomne til Røde Kors-kafeen! I dag har damene baka maten heime. Og om litt vil Per Flaaens orkester speler opp til dans, opplyser han.

Vakre smil set straks eit lystig preg på dansegolvet. Gamle takter er ikkje gløymt.

røde-kors4

Klokka er knapt 11 når danseglade kvinner og menn finn takta i pensjonistsalen. (Foto: Hanne Suorza)

Avveksling

I kafeen fleipar Anny Tandstad (91), Inger Eliassen (82) og Anny Brunstad (94) om alder:

- «Du Inger er berre barnet», humrar dei to på over nitti, før dei gir Røde Kors lovord for arrangementet.

- Røde Kors gjer mykje godt. Her møtast vi for prat og kaffi. Det er eit fint avbrekk, smiler dei tre.

rødekors3

Frå venstre: Anny Tandstad og dottera Arnhild Strand i Røde Kors, Inger Eliassen og Anny Brunstad. (Foto: Hanne Suorza

Velledalingen Jostein Drabløs er einig med damene:

- Dette er god avveksling for alle, seier han.

Rundt bordet sit også Per Arne Aursnes. Å besøke kona Olfrid, er eit høgdepunkt kvar einaste dag. Per Arne gir honnør til Røde Kors:

- Her treffast dei som bur på Buas og pårørande. Musikk og loddsal skaper stemning.

røde-kors7

Frå ventre: Ragnhild Bjørneseth Welle, Lewis Welle, Jostein Drabløs, Olfrid Aursnes og Per Arne Aursnes. (Foto: Hanne Suorza)

Einsemd

På fest i pensjonistsalen er det sosialt. Men for nokre er kvardagen ganske annleis. Rolf tar oss med 61 år tilbake i tid – til oppstarten av Røde Kors i Norge. Sidan den gong har det blitt stadig fleire einsame, også i Sykkylven.

Røde Kors gir støtte og oppmuntring til menneske med behov for kontakt, enten dei bur heime eller på institusjon.

Lokallaget har 20 aktive medlemmar. Det er behov for mange fleire. Vi er alle velkomne til å bidra!

Vi kan hjelpe på mange måtar:

  • Som besøksvenn får du kontakt med menneske som treng nokon å snakke med. Ein besøksvenn stiller på med prat og hygge nokre timar i veka. Heimebesøk, eller visitt på Buas. (Sykkylven bu- og aktivitetsenter)
  • Røde Kors held fest for eldre ein gong i månaden. Det kan vere kafe, vårfest, haustfest og julefest.
  • Av og til blir det arrangert bussturar. I haust tok 12 frivillige med seg 30 personar til Stordalen. Ein varebil var full med gåstolar og rullestolar.
  • Følgetenesta bidrar med støtte og skyss til sjukehus, eller andre stadar. Dette skjer i samarbeid med Frivilligsentralen, heimehjelpa og Buas. – Hittil i år har vi hatt 40 slike turar, opplyser Rolf .
Frå venstre: Karin Holen, Solrun Ask, Arnhild Strand, Anne Lise Riksheim, Sylvia Taraldsen, Anita Strømme (dagsenteret), Rolf Louis Hansen og Kari Lise Belden. (Foto: Hanne Suorza)

Denne gjengen er frivillige i Røde Kors Sykkylven. Frå venstre: Karin Holen, Solrun Ask, Arnhild Strand, Anne Lise Riksheim, Sylvia Taraldsen, Anita Strømme (dagsenteret), Rolf Louis Hansen og Kari Lise Belden. (Foto: Hanne Suorza)

Smil!

For Rolf var det ei annonse i avisa for åtte år sidan som vekka interessa for frivillig arbeid: Røde Kors arrangerte kurs i besøksteneste.

- Eg byrja å tenke. Fjorten dagar seinare var både kona og eg påmeldt. Vi har ikkje angra ein dag, fortel Rolf, som er tidlegare salsjef i Ekornes. Eit hjarteinnfarkt då han var 50 sette ein stoppar for vidare yrkesliv. Frivillig arbeid blei det nye.

- I dag kjenner eg alle ansikta på Buas. Men eg er innflytta Ålesundar, og kan ikkje alle navna. Heller ikkje kven dei er i slekt med. Men det går bra med eit smil. Det er nok til å bli glad, seier Rolf.

For den største glede du kan ha…

Det frivillige arbeidet tar tid, men betyr mykje. I følge Rolf, ser nye medlemmar i Røde Kors raskt verdien.

- Mange blomstrar opp når dei kjem ut ut. Alternativet kan vere å sjølv bli einsam, meiner han.

- Kven er med i Røde Kors Omsorg?

- Genetisk er det nok kvinner som føler mest omsorg. Og slik er det også i praksis: 90 prosent av medlemmane er kvinner. Eg skulle ønske at fleire menn ville gjere nytte, også etter at dei er pensjonert.

røde-kors10

Frå ventre: Arvid Bolstad, Anne Lise RIksheim, Ragna Jensen og Reidar Welle. – Vi hadde ein flott tur til Stordalen, fortel Arvid Bolstad med avisa i handa. Rolf Hansen har skrive mange innlegg om Røde Kors i Sykkylvsbladet. Presseklippa er samla i ein perm. (Foto: Hanne Suorza)

- Gull verdt

Ei som har vore frivillig i Røde Kors i mange år er Sylvia Taraldsen. Ho er også besøksvenn for ei dame, som ho treff nokre gongar i månaden. I pensjonistsalen gleder ho mange.

- Å vere her er koseleg. Eg blir glad når eg ser at gjestane kosar seg, seier ho.

Det opplever også Arnhild Strand:

- Når eg går herifrå kjennast det godt og meiningsfullt.

Og at innstsen til damene er kjærkomen, bekreftar leiar ved dagsenteret, Anita Strømme:

- Dei frivillige i Røde Kors er fantastiske. Ja, dei er gull verdt. Dette er eit eksklusivt tilbod, seier Anita Strømme til brabygd.no

Har du lyst til å bli med?

denne nettsida finn du kontaktinformasjon og meir om Røde Kors i Sykkylven.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

rødekors2

Per Flaaens orkester speler velkjende slagarar til stor begeistring på Buas. – Det har vi gjort i mange år. Det er artig og vi ser at publikum kviknar til når vi byrjar å spele. Frå venstre: Per Kaspersen, Per Flaaen, Knut Kjell Fure og Odd Arne Risvik. (Foto: Hanne Suorza)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.