SIL handball

I Sykkylven er det blant jentene at handball er i skotet. – Vi har ein av få klubbar i regionen med vekst, fortel Svein Inge Strand i SIL handball.

handball

Jenter 14 år gjer det godt i seriespelet på Sunnmøre. Bak frå venstre: Mathilde Flåskjer, Vilde Nysæter, Hanna Ramstad, Erika Hole, Karoline Kurseth, Marthe Melchiorsen, Simone Tafjord, Magdalena Jakobsen og Kristine Kveen. Framme fra venstre: Vanja Norvik, Gunn Helen Mjeltvik, Laura Skauvik, Johanne Kurseth, Anna Ullavik Sylte og Christin Gabianoo. (Foto: Hanne Suorza)

Sykkylven har følgande lag: J10, J11, J12, J14 og dame seniorlag. Klubben arbeider med oppstart av minihandball.

For første gong på mange år stiller Sykkylven også med damelag i seriespel.

Svein Inge Strand, som er leiar i handballgruppa, seier det er viktig at dei som er for gamle til å spele på J16 har eit godt tilbod.

Ballkontakt

Han trur det er fleire årsaker til at stadig fleire vil spele handball i Sykkylven.

- På ei lita bane får alle ha hyppig ballkontakt. Det er høgt tempo og mange mål, seier han, og nevner også gode trenarar i SIL:

- Nokre av ungdommane i klubben stiller på som trenarar og dommarar for aldersbestemte lag. Det bidrar til at handballmiljøet i Sykkylven er veldig bra.

handball1_web

Oda Nyheim og Svein Inge Strand. (Foto: Hanne Suorza)

Tar ansvar

17 år gamle Oda Nyheim er aktiv spelar på damelaget med både trenaransvar og dommaroppdrag.

For tredje år på rad møter ho på trening saman med J14; eit lag som i vår kom på andre plass i serien. Det kvalifiserte laget for sluttspel i Trondheim.

Svein Inge er glad for Oda sitt engasjement.

- Ho er ein meget dyktig trener. Som rollemodell og inspirator betyr ho mykje for laget. Spelarane ser opp til henne, seier han.

For Oda, som har spela handball sidan ho gjekk i første klasse, betyr idretten mykje.

- Det er kjekt og sosialt. Som trenar er det viktig å ta kontroll. Det går fint fordi jentene er snille og høyrer etter. På damelaget får eg andre utfordringar, seier Oda Nyheim til brabygd.no

Lyst til å spele handball?

Ta kontak med leiar i handballgruppa, Svein Inge Strand: tlf. 415 09 906

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.