- Responsen har vore massiv, fortel Kjartan Grebstad om etableringa av SIL symjing i 2012. No blir tilbodet utvida. Både baby, barn og vaksne får tilbod om symjeopplæring i Sykkylven.
Knallopning
Kjartan Grebstad er leiar i SIL symjing. Han fortel at mange har meldt seg på venteliste på nettstaden tryggivann.no for å få plass på symjekursa.
- Ut frå denne lista på set vi opp nye kurs; både for babyar, barn og vaksne. Vi har ressursane og ønskjer difor å tilby dette, seier han.
Les om oppstarten av SIL symjing: Svømmeopplæring for barn (brabygd.no 3.12.12)
Barn
Kvar symjegruppe er på om lag 20 barn. Dei trener to gongar i veka.
SIL symjing er medlem i Norges svømmeforbund og Norges svømmeskole. Opplæringsmodellen har fire hovedmål: 1. Dykk. 2. Flyt 3. Gli 4: Framdrift.
- Tradisjonell brystsymjing er ikkje på planen før barna meistrar dei fire delmåla. Tanken er å lære måtar å flyte på, utan å bruke energi, fortel Kjartan.
Baby
Babysymjing er for barn i alderen 0-2 år.
Nedre aldersgrense er 6-8 veker. Aktiviteten blir leia av ein autorisert instruktør. Foreldra har sjølve ansvaret. Det blir lagt vekt på leik og den nære kontakta mellom foreldre og baby.
Vaksne
Frå om med hausten 2013 kan også vaksne lære å bli bedre symjarar.
Gjensidige i Sykkylven er blant dei som har etterspurt ei slik opplæring.
Kjartan trur terskelen for å melde seg på kan vere høg, men som kjent; vaksne flyt ikkje betre enn barn.
- Mange med store fine båtar vil få vanskar med å klare seg dersom uhellet er ute. Og kva om du må hjelpe til i ein nødsituasjon? spør han.
Også for vaksne er det fokus på dei fire hovudmåla: dykk, flyt, gli og framdrift.
- Eit glimrande tilbod
Ved bassenget i symjehallen sit eit titals foreldre og ser at barna blir tøffare i vatn.
Cathrine Gløersen Hole er ei av dei.
- Lars Erik ville ikkje ein gong gå i vatnet. No står han på kanten og tar salto, smiler ho.
Cathrine, som har to barn med i klubben, synest det er positivt med mange trenarar. Like så at fleire av instruktørane er tidlegare symjarar. Ho tel fem vaksne og 20 barn i bassenget:
- Kjempebra, rett og slett. Dei har god kontroll!
Tone Pileberg har med sonen Olai. Ho er einig med Cathrine:
- Barna får tett oppfølging. Dei har betre føresetnad for å lære god symjeteknikk når det er mange instruktørar som hjelper til.
Lang erfaring
Kjartan var aktiv i Sykkylven Svømme- og Livredningklubb i ti år. Fram til 1987 konkurrerte han på nasjonalt nivå, og var med i eit internasjonalt stemne.
- Vi hadde på det meste ni treningar i veka. Ei økt kunne vere på 5-6000 meter i basseng. I tillegg kom barmarkstrening. Det var tider og formen var god, minnast han.
Fleire av instruktørane i SIL symjing var aktive på 70- og 80-talet, og har lang erfaring med symjeopplæring.
Nye talent
No er nye talent på veg opp og fram.
- Det tek tid å bygge eit miljø med utøvarar på konkurransenivå. Vi jobber oss sakte mot målet, seier den erfarne symjaren.
SIL ønskjer nye medlemmar velkomne i klubben, og minner om at symjing er einaste sporten du kan døy av å ikkje å kunne.
- Symjing er livsviktig. Det er også ein av dei sunnaste aktivitetane du kan halde på med. Sporten gir lite belastningar på ledd og musklar, seier Kjartan Grebstad til brabygd.no
Lyst til å vere med?
Påmelding på nettstaden www.tryggivann.no. Etter registrering kan foreldre følgje barnet si utvikling, oppmøte og motta eller gi beskjedar. Eventuelt kan du kontakte Kjartan Grebstad på telefon 909 95 251.