Sykkylven Gospelkor

I Sykkylven Gospelkor står felleskapet sterkt. – Vi kjem frå ulike miljø og fasar i livet, men musikken fører oss saman, fortel Tove Ramstad.

gospel2

Sykkylven Gospelkor har om lag 30 medlemmar. Dei øver i Sykkylven kyrkje ein gong i veka. Bakerst: Mildri Oterhals, Silje Bay, Svein Erik Kampenes, Arild Sporsheim, Randi Overvoll. I midten: Ann Kristin Krohn, Tove Ramstad, Christin Eidem, Grete Sporsheim, Erlend Lunde, Berte Støylen Hole, Therese Brunstad, Bente B. Stølen, Guro Bjørnevik Aurdal, Therese Utgård . Fremst: Anja Naustenget, Alice S. Pettersen, Caroline Tusvik, Hilde Bjørnestad, Helene Baade Kampenes, Bente Bjørnestad Myrseth, Marit Eide Lunde, Gro Slyngstadli. Framme i midten: dirigent Solveig Håvik. Ikkje til stades: Sølvi Hindenes, Tor Einar Steinsvik (pianist), Ann Cecilie Stavn, Sigurd Johan Saure, Hanna Støylen Ebbesvik, Ingrid Tynes, Kristine Abelseth og Cecilie Naustenget (Foto: Hanne Suorza)

Iver og glede

I barne- og ungdomstida var Tove svært aktiv i kormiljøet i bygda. Då ho flytta tilbake til heimbygda etter mange år i Oslo, syntest ho at Sykkylven mangla eit kor som passa for henne.

I dag opplever ho eit nytt felleskap i gospelkoret, der ho er nestleiar.

- Koret har eit spesielt samhald. Vår felles iver og glede gjer noko med oss. Vi er ein flott gjeng, der alle bidrar og byr på seg sjølv, seier Tove.

Ho meiner at samhaldet skaper ei trygg ramme. Den enkelte får utvikle seg. Saman vil dei nå sitt potensiale.

Men kanskje er det fleire årsaker til god trivsel, undrar Tove, og viser til ein artikkel ho har lese.

- Forskarar har nettopp funne ut at korsongarar synkroniserer hjarterytma. Kanskje det er difor samhaldet er så godt? spør ho.

tove2

Tove Ramstad i blått. Til venstre: Ann Kristin Krohn. Til høgre: Silje Bay. (Foto: Hanne Suorza)

Viktig med alternativ

Tove er imponert over kvaliteten og arbeidsmengda som blir lagt ned i kormiljøet i Sykkylven.

- Gospelkoret er ikkje i konkurranse med dei etablerte kora i bygda. Vi tilfører noko nytt og er med på å skape breidde. Eg er svært glad og stolt over at vi har funne vår plass, seier ho.

Tekst, melodi og bodskap

Hausten 2013 inviterte gospelkoret til konsert saman med Sigvart Dagsland i Sykkylven kyrkje. Eit flott samarbeid, i følge dirigent Solveig Håvik.

- Dagsland har ei fantastisk stemme. Både det melodiøse og tekstlege er på plass. Songane passar godt til kor. Det såg vi i «Det store korslaget» på TV2.

- Etter ein konsert med Dagsland tenkjer eg på alt det gir meg. Han kan å formidle, seier Solveig til brabygd.no

- Godt nivå

Dirigenten, som bur i Ålesund, øver saman med Sykkylven Gospelkor anna kvar veke og trivst med oppgåva.

- Koristane kan å syngje. Sykkylven er ei veldig heldig bygd som har eit så dyktig gospelkor. Vi syng både gospel, blues og jazz, seier dirigenten, som får skryt av Tove:

- Solveig held eit høgt fagleg nivå. Vi arbeider godt for å utvikle oss teknisk. Og det er svært inspirerande å bli bedre!

Lyst til å bli med?

Sykkylven gospelkor øver ein gong i veka i Sykkylven kyrkje. Alle mellom 20 og 50 år er velkomne. Menn blir oppfordra til å ta turen. Sjå facebooksida til Sykkylven Gospelkor for tidspunkt og meir informasjon. 

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Sykkylven-Gospelkor-web

Foto: Sykkylven Gospelkor

1 pingback on this post
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.