Sykkylven janitsjarorkester

Korpset har blitt dobbelt så stort i løpet av to år.

sjork_web

Sykkylven janitsjarorkester fotografert i Sykkylven kyrkje under musikkfestdagane, 15. september 2013.  (Foto: Syver Aure Torvik for brabygd.no)

Marianne Slyngstadli frå Ålesund har dirigert korpset i denne perioden. Ho fortel at det hausten 2011 var 20 musikantar i Sykkylven janitsjarorkester. I dag er talet 40.

Dirigenten er glad for å sjå nye ansikt.

- Uansett kva bakgrunn medlemmane har, er det skøy at dei finn vegen til kulturhuset. Nokre har vore med før. Andre var ukjente og dukka plutseleg opp på øving.

- Kvifor har de blitt fleire?

- Vi kan håpe at bygdefolket har registrert at vi har eit godt miljø. At vi kosar oss med forskjellige konsertar gjennom sesongen. Vi ønsker å gjere vakre og varme julekonsertar, «showe» haustkonsertar, samt fjasete og barnslege konsertar for dei aller minste. I tillegg er det moro å reise til Trondheim for å vere med på NM. Der har vi fullt fokus på å utvikle oss. Målet er å bli betre musikalsk, samtidig som vi skal bli bedre kjent sosialt.

sjorkfs_web

Dirigent Marianne Slyngstadli håper at å sjå meir publikum på konsetane. – Vi prøver å lage gode konsetar for folk i alle aldrar, seier ho. (Arkivfoto: Hanne Suorza)

Faste aktivitetar

Dirigenten fortel om mange faste aktivitetar i løpet av året:

  • Musikkfestdagane i september.
  • Showkonsert i løpet av hausten. Tema varierer frå storbandmusikk til film-musikk.
  • Konserten ”Nå tennes tusen julelys” i Sykkylven kyrkje natt til første advent.
  • Julekonsert saman med dei andre korpsa i desember.
  • Gudsteneste i kyrkja 1. juledag.
  • Nyttårskonserten siste helga i januar er eit felles prosjekt for alle korpsa.
  • Siste helga før påske er det NM for janitsjarkorps i Trondheim.
  • Feiring av nasjonaldagen 17. mai.
  • Oktoberfestival på Verkstaden Bistro.
  • Om hausten og våren er det underhaldning ved Sykkylven bu- og aktivitetsenter.
  • Under barnekonserten i mai/juni er det Byggmester Bob, Kaptein Sabeltann, klovn, fjas og fanteri.

Rekruttering

Kornettist og styremedlem Liv Marie Lillevik, fortel at nye medlemmar har blitt rekruttert frå skulekorpsa og kulturskulen. Sykkylvingar som har flytta tilbake til heimbygda, og andre innflyttarar, har også blitt med.

I ei reportasje på brabygd i oktober 2012 oppfordra Liv Marie fleire til å pusse støvet av instrumentet.

Den oppfordringa står ved lag:

- Om nokon føler seg litt rustne, så kan vi hjelpe til med å friske opp gamle kunnskapar. Du treng ikkje vere kjempeflink for å vere med. Det er ulik vanskegrad på stemmene. Med litt øving går det bra. Instrument har vi på lager, det kan du låne, seier Liv Marie.

bildetekst

- Musikken gir oss eit fellskap og ein hobby som kan vare livet ut. Alder er ingen hindring. Kanskje det er ein grunn til at vi har det så kjekt, seier Liv Marie Lillevik. Her er ho saman med Magne Nilsen og Filip Ngyen Solheim. (Arkivfoto: Hanne Suorza)

Solistar

Sykkylven janitsjarorkester inkluderer ofte unge solistar i arrangementa. Viktig, i følge Marianne:

- Musikken er krevjande. Eg er heilt sikker på at alle føler at dei veks med opgåvene. Det er moro for oss å gi dei moglegheita til å stå på ei scene.

Liv Marie er einig:

- Vi ønsker å løfte fram talenta slik at fleire kan sjå og høyre dei. Dessutan gir det oss gode og varierte konsertar.

- Suverent!

Den yngste i Sykkylven janitsjarorkester er 14 år. Den eldste 77. Mange er mellom 14 og 19 år.

- Eg er så til dei grader stolt av ungdommane, seier Marianne.

- Dei er gode ambassadører, pliktoppfyllande, tar på seg ulike oppgåver og er ei viktig årsak til at miljøet vårt er så godt.

- Ja, korleis er miljøet i korpset?

- Det er suverent. Vi merker ikkje noko til det store spennet i alder. Heldigvis har vi alle evne til å vere både barnslege og barnlege når sjansen byr seg. For eksempel under barnekonsertane. Då koser vi oss maks. Og det er i grunn umogleg å seie kven som er yngst og eldst. Alder sit mellom øyrene, seier dirigent Marianne Slyngstadli til brabygd.no

Lyst til å vere med?

Sjå sjork.com eller facebook for å lese om aktivitetar, medlemskap og kontaktinformasjon. 

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.