Sykkylven Skyttarlag

Marita Solli (17) og Harald Tandstad (74) har same mål. Dei siktar, finjusterer og fyrer av. 100 meter borti lia treff dei blink.

skyttar1.web

Bak frå venstre: Harald Tandstad (v73), Gunnar Mjeltevik (v73), Jarle Bjørkavåg (v65). Fremst: Marita Solli (junior), Andreas Riksheim Oldeide, Bjørnar Rasmussen Aurdal, Håvard Tynes og Magnus Verpesdal (rekruttar). (Foto: Hanne Suorza)

Marita og Harald blir begge bygdameistrar. Slik som mange gongar før.

I Sykkylven Skyttarklubb lærer dei unge av dei eldre. På standplass ligg åtteåringen, tenåringsjenta og pensjonisten side om side. Jenter og gutar konkurrerer mot kvarandre. Også i store meisterskap.

- Vi blir som ein liten familie, fortel Marita Solli. Ho har hatt skyting som hobby sidan ho var sju år, og meiner det er bra at veteranar som Harald er med i klubben. Det er klart at 74-åringen har mykje å lære vekk.

- Og så må eg ha ein hobby, skyt han inn.

- Så lenge eg synest det er kjekt, så held eg på!

Nervepirrande

I dag er Marita den einaste aktive jenta i Sykkylven Skyttarlag. Det er ho vand til, men skulle gjerne hatt med fleire.

- Vi har det sosialt. Og så er det spennande og nervepirrande i konkurransar. Alt er opp til deg sjølv, seier ho.

I sommarhalvåret trener Marita og nesten 30 andre utøvarar på Sykkylven skytestadion. I vinterhalvåret flyttar dei innandørs og trener miniatyrskyting i Velledalen grendahus.

Høgt nivå

Sykkylven Skyttarlag har medlemmar som hevdar seg på nasjonalt nivå. Fleire har vore finalistar i landskyttarstemne.

I 2004 fekk Stian Tafjord napp i offiserspokalen, som har vandra sidan 1929. Under landskyttarstemnet i 2013 var det fire som kvalifiserte seg til finalar: Håvard Tynes, Bjørnar Rasmussen Aurdal, Jarle Bjørkavåg og Marita Solli.

Marita blei landsdelskretsmeister i baneskyting. Den største supporteren er mor, Bente Karin Solli.

- Skyting blir lett ei greie for heile familien. Det er våpen som skal stellast, kuler som skal ladast, trening og køyring til stemner nesten kvar helg heile året.

- Til tider er det neglebitande spennande, seier Bente Karin, og legg til:

- Som foreldre er det godt å sjå gleden barna får ved å lukkast på sine premiss. At dei meistrar noko som ikkje alle held på med.

Komplett skyttararena

Sykkylven Skyttarlag blei skipa i 1894. I dag har laget om lag 300 medlemmar.

Første byggetrinn for bana i Myrdalen var tidleg på 2000-talet. Då blei det bygt standplass for 100 meter, deretter 200 meter.

I 2013 er eit nytt skyttarhus under planlegging. Det vil gi Sykkylven ein komplett arena, som vil gjere det enklare for klubben å arrangere store stemner.

Ulike klasser

Aldersmessig er det er eit stort sprang. Dei ulike klassene er delt opp slik:

  • Aspirant: Den yngste gruppa. Skyt med cal. 22, og gjerne med støtte på våpenet. I denne klassa blir alle premierte, det er ikkje konkurranseklasse.
  • Rekrutt: 12 -14 år. Skyt også med cal. 22.
  • Eldre rekrutt : 14-16 år. Skyt med cal. 6,5. Det er eit tyngre våpen med hardare rekyl enn det dei yngre skyttararne nyttar.
  • Junior: 16-18 år. I tillegg til liggande skyting, lærer dei å skyte kneståande. Alle klasser til og med junior, skyt med ein avstand på 100 meter.
  • Senior: Frå 18 år. Fem ulike seniorklasser.

Lyst til å vere med?

Sykkylven Skyttarlag låner ut våpen og anna utstyr. Alle er velkomne. Sjå sykkylven.skytterlag.no for kontaktinformasjon.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.