Sykkylven sykkelklubb

Dei sluker mil etter mil langs landevegen. Trår hardt i terrenget. Og nyt ein kaffi på kaia i Ramstaddal. I Sykkylven er det stor sykkelglede.

sykkel3

Sykkylven Energi-rittet, 26. mai 2013. Dette er eit todelt ritt på 15 km og 95 km. (Foto: Sigurd Johan Saure)

Trening

Sykkylven har ein ivrig sykkelklubb, som kan vise til organisert aktivitet 150 dagar i året.

Torsdagsrunden er ei av tre faste treningar i veka, opplyser leiar i klubben, Eldar Høidal.

- I sommarhalvåret syklar vi i roleg tempo frå Aure til Ramstadkaia. Der er det rast og kaffi servert av av handelsmannen Oddvar Løseth. Det set vi stor pris på, smiler supermosjonisten.

Andre dagar går turen oftast opp Åsbakkane eller til Hundeidvik for landevegsykling. Då er intensiteten høgare. Medlemmane i klubben kan velje kva sykkelturar dei vil vere med på.

(Foto: Hanne Suorza)

Ivirge syklistar trossa kulda under årets siste torsdagsrunde. På Ramstadkaia, frå venstre: Bjørn Inge Gjersdal, Alexander Grebstad Hervåg (Noregsmeister i 2009, representerte Norge i VM i Moskva), Eldar Høidal, Eldar Kurseth, Margareth Stadsnes og Espen Sæther. (Foto: Hanne Suorza)

Barn

Sykkylven sykkelklubb har også tilbod til unge syklistar. Ekornes-cupen blir arrangert fire gongar i året, og er for alle mellom 1 og 13 år. Dei siste åra har det store barnerittet «Tour of Norway for kids» rigga til i Sykkylven.

- Dei yngste barna er dei ivrigaste, og syklar både på to hjul, tre hjul, med støttehjul og sparkesykkel. Her er det ikkje tidtaking, berre sykkelglede, seier Eldar Høidal.

sykkel5

Det store barnerittet «Tour of Norway for kids» blir arrangert mange stadar i Norge. På bildet går startskotet i Strandgata i Sykkylven. (Foto: Sykkylven sykkelklubb)

sykkel7

Tour of Norway for kids. (Foto: Sykkylven sykkelklubb)

Ritt

”Sykkylven Energi-rittet” og ”Ekornes-rittet” er klubben sine faste konkurransar. Stafetten ”Sykkylven rundt” blei arrangert for første gong i 2013.

Ritta skal vere attraktive for vanlege mosjonistar. I følge Eldar Høidal er det ikkje kampen om sekunda som er det viktige. Sykling ein aktivitet som alle kan drive med:

- Vi unngår harde støt mot underlaget. Sykling gir god variasjon. Det er arbeid i motbakkar og kvile utfor. Dessutan får vi oppleve mykje av naturen rundt oss.

Effektiv trening

Ein annan dyktig syklist er Eldar Kurseth, som gir gode råd om trening til yngre utøvararar.

- Uansett kor god du vil bli, så er det viktig å byrje med dei rolege turane. For så å fortsette med det for alltid, seier han, og legg til:

- Det er smart å bruke mykje tid på trening der hjarterytma ligg på 60 slag frå makspuls. Det er mi oppskrift for gamal og ung, tjukk og tynn.

Sykkeltalentet Espen Sæther er 17 år og glad for å lære:

- Eldar Kurseth har lagt opp eit godt treningsopplegg. Han deler av eiga erfaring og formidlar råd frå andre gode trenarar. Det er viktig å trene riktig for å bli bedre.

sykkel2

Espen Sæther. (Foto: Sigurd Johan Saure)

Ute og inne

Dei siste åra har det kome nye skogsvegar og turstiar i Sykkylven. Milde vintrar gjer det mogleg å sykle ute nesten heile året.

Men når dagane er kalde er spinning på treningsenteret Stamina eit kjærkoment tilbod. Treningsøktene på 90 minutt er gratis for medlemmar i SSK og Stamina, frå og med torsdag 3. oktober 2013.

Eldar Kurseth fortel at det er eit stort sykkelmiljø i Sykkylven. Han ser at mange syklar aleine eller to og to.

- Det er no tilrettelagt for at syklistar på alle nivå kan sykle i lag på turar og treningar. Vi håper er at mange fleire ser den sosiale verdien i ein felles sykkelklubb, seier Eldar Kurseth til brabygd.no

Lyst til å vere med?

Sykkylven sykkelklubb ønsker nye syklistar velkomne. Sjå sykkylvensk.com eller facebook for kontaktinformasjon og treningstider.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

sykkelklubben2_web

- Sykling er sosialt og vi held oss i form, seier Margareth Stadsnes. Ho har to barn med i klubben. Her er ho saman med Eldar Høidal. (Foto: Hanne Suorza)

Bjørn Inge Gjersdal. (Foto: Sigurd Johan Saure)

Bjørn Inge Gjersdal. (Foto: Sigurd Johan Saure)

sykkel4

Jan Erik Bårdsgjære. (Foto: Sigurd Johan Saure)

sykkel6

Per Inge Bjørnestad. (Foto: Sigurd Johan Saure)

 

 

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.