Treningssenteret Stamina

Zumba, sh’bam, yam! Nye ord, nye grupper, ny giv. Uansett kva som motiverer deg, vil Stamina hjelpe deg i gang.

stamina8

Monika Settemsdal er sprek instruktør, fysioterapeut og dagleg leiar ved Stamina Sykkylven. – Eg har nesten alltid likt idrett, og er heldig som diggar å vere aktiv. Det gjer at eg no driv med mykje forskjellig. Det meste skjer ute i den fantastiske naturen vi har i Sykkylven, fortel Monika. (Foto: Hanne Suorza)

Som dagleg leiar i Stamina Sykkylven, eit treningssenter med om lag 1000 medlemmar frå 15-85 år, ser Monika Settemsdal mange trendar i bransjen:

- Trening har blitt trendy. Strong is the new skinny. Dans i ulike former, slik som zumba, sh’bam og jam, har blitt farsottar. Flyt og yoga er moteord.

- Men vi veit at basis kondisjon- og styrketrening er det som fungerer best i lengda. Funksjonell trening bør ligge til grunn, seier Monika, og legg til:

- Alt handlar om nye samansetningar av øvingar som alltid har eksistert. Nye ord gir ny inspirasjon for mange.

- Vi har alle eit ansvar for eigen kropp og vi har berre fått ein kvar. Så kva gjer vi? spør ho.

Vibeke Skinnes Hauge med kettlebells i handa. Ho opplever at jamn trening med vektkulene gir gode resultat. (Foto: Hanne Suorza)

Vibeke Skinnes Hauge med kettlebells i handa. Ho opplever at jamn trening med vektkulene gir gode resultat. (Foto: Hanne Suorza)

Meir energi, mindre smerter

Ei med stor effekt av målretta trening og eit bevisst kosthald, er Vibeke Skinnes Hauge.

Innsatsen er merkbar: Vibeke har gått ned 55 kilo på eit knapt år. Eit Xtravaganza kurs ved Stamina i Ålesund har betydd mykje. I dag trener ho ved Stamina i Sykkylven.

- Eg har fokus på lavkarbokosthald, i tillegg til fysisk- og mental trening. Det er viktig å setje tydelege og tidfesta mål. Gruppemøter har vore svært motiverande, fortel ho.

- Kva betyr dette for deg?

- Det betyr at eg har fått mykje betre helse. Og at eg no elskar å trene. Men det aller viktigaste er at eg har meir overskot til familien. Det var hovudmotivasjonen, fortel Vibeke, som har vore plaga med kroniske smerter i bekkenet etter at ho blei mor i 2004.

Då ho gjekk ned dei første 20 kiloane, blei smertene mindre. Det blei lettere å bevege seg.

- Klart det er kjekt å sjå gode resultat. Eg har jobba veldig hardt for å nå måla. No har eg meir fokus på styrketrening enn på vektreduksjon. Dette er noko eg må arbeide med resten av livet, seier Vibeke til brabygd.no.

Ein stor og flott spinningsal opna i 2013. (Foto: Hanne Suorza)

Ein stor og flott spinningsal opna i 2013. (Foto: Hanne Suorza)

Gode rutinar

Stamina sin visjon er å gjere folk friskare. Målet, i følge Monika, er at flest mogleg får sjå dei positive verknadane som jamn trening har på kropp og sinn. Gode og planlagte rutiner over tid gjev resultat.

- Kva om nokon kjenner seg slapp eller sjuk? Då er det kanskje lett å bli usikker på trening?

- Oppsøk lege dersom dette er uvanleg. Vi skal alltid lytte til kroppen. Er du frisk, gir fysisk aktivitet meir energi og overskot. Vi må ha nok søvn og god mat for at kroppen skal fungere. Studier viser at trening har positiv effekt på kroppen. I Stamina har vi god kompetanse og alle våre medlemmar får gratis rettleiing. Dersom du ønskjer personleg trening så kostar det ekstra, men kan vere vel verdt det.

- Vi er heldige i Sykkylven som har mange treningsmoglegheiter, både på Stamina og i idrettsforeiningane, seier Monika som meiner det er viktig å samarbeide for å få flest mogleg ut av godstolen. (Foto: Hanne Suorza)

- Vi er heldige i Sykkylven som har mange treningsmoglegheiter, både på Stamina og i idrettsforeiningane, seier Monika som meiner det er viktig å samarbeide for å få flest mogleg ut av godstolen. Sjølv har ho 25 år med erfaring i faget. (Foto: Hanne Suorza)

- Kva med bedriftshelestenesta?

- Sykkylven bedriftshelseteneste (BHT) er ein av eigarane i Stamina Sykkylven. Vi har eit godt samarbeid. Alle bedrifter som er knytt til denne tenesta får gode prisar. Vi har to BHT-grupper i veka. Dette er eit lavterskel tilbod leia av fysioterapeut. Bedriftshelsetenesta er eit satsingsområde i Sykkylven.

- Korleis går det med StaminaOUT?

- Dette har vi prøvd i ein sesong, og gleder oss til neste. Aktivitetar som mamma-trening, løpetrening og turgruppe blir arrangert om våren, sommaren og hausten. Vi arrangerer turar i samarbeid med sportsbutikken Hardhaus, og alle medlemmane i Stamina kan vere med. Dei blir annonsert på facebook og på senteret, seier Monika Settemsdal til brabygd.no

stamina1

Kai-Erik Gjersdal, Joakim Jørgensen og Vebjørn Brunstad set pris på treningssenteret i Sykkylven. Dei tar turen til Stamina om lag tre gongar i veka. (Foto: Hanne Suorza)

Variert program

På timeplanen til Stamina står mellom anna spinning, corebar, tabata bosu, zumba, ashtanga yoga, body-step og body-pump. Treningssenteret har spinningsal, ro-maskiner, tredemøller, styrkesal og anna treningsutstyr. Stamina held til i to etasjer nede ved fjorden på Vik.

Nytt er også treningstidene til Stamina: Mandag til fredag kan morgonfuglar ta seg ei økt frå klokka 8.

Har du lyst til å bli med?

Stamina har aktivitetar både inne og ute. Møt opp for ein gratis prøvetime. Instruktørar hjelper deg i gang. Ta kontakt i resepsjonen eller ring 400 01 985. Sjå facebook for meir informasjon.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

stamina4

På Stamnina kan du ro eller springe med utsikt til fjord og fjell. Eller du kan slå to fluer i ein smekk: trene og sjå på TV. (Foto: Hanne Suorza)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.