Volleyball

På solrike dagar kryr det av ungdommar på sandvolleyballbana i sentrum. No skal friområdet bli enda betre!

volley6

Sandvolleyballbana er sentralt plassert mellom kyrkja og fjorden. (Foto: Hanne Suorza)

Sykkylven kommune gir 150 000 kroner til vidareutvikling av sandvolleyballbana. Midlane er ein del av «ungdomsmillionen»; ei satsing på gode ungdomstiltak i Sykkylven. Kva som blir nytt er ikkje bestemt. Fleire benkar og ein stor grill er alternativ.

volley5

Denne gjengen går i åttande klasse ved Sykkylven ungdomsskule. Dei speler mykje volleyball, både inne og ute. I desember står sporten på læreplanen i fire veker. Før jul er det tradisjon med turnering i storhallen. (Foto: Hanne Suorza)

Draumetimen

Brabygd.no møter ein gjeng sporty åttandeklassingar på bana. Sandvolleyball passar fint, sjølv langt ut i oktober.

- Dette er favoritt-gymtimane, seier Hilde Marie Welle og Ane Hunnes Hanssen.

- Bana ligg fint til ved sjøen. Vi er her ganske ofte om våren, legg dei til.

volley2

I gymtimane lærer elevane samspel, ulike typar slag, å legge opp, blokke og serve. (Foto: Hanne Suorza)

Motiverande

Lærar Marita Mandal fortel at bana er viktig for skulen:

- Etter at sandvolleyballbana blei bygt, fekk vi ein ny aktivitet på læreplanen. Det betyr mykje å ha ein flott utandørs arena like ved skulen. Variasjon er bra. Vi ser at det er motiverande for elevane å kome hit.

Einaste utfordringa, i følge Marita, er at mange ønsker å bruke bana samtidig:

- Vi burde hatt ei booking-liste. På dei flottaste dagane kan det bli kollisjonar. Heldigvis er grøntområdet ved bana stort og fint. Då kan vi også spele frisbee, trikse og vasse i sjøen.

volley4

Beachball i ei bra bygd! (Foto: Hanne Suorza)

- Eit sikkert vårteikn

Volleyballbana blei bygt i 1996. Primusmotor for bana, Olav Harald Ulstein, såg at det blei etablert sandvolleybaner i andre kommunar, og blinka ut området ved sjøen i sentrum. Målet var å skape ein uformell møtestad for ungdom i Sykkylven.

- Bana har i høgaste grad innfridd til forventningane. Den blir brukt av barnehagar og mange skular. Allereie første solskinsdag om våren, så spør ungdommane om å få montere opp nettet. Det er eit sikkert vårteikn. Eg blir oppriktig glad, og nesten litt tårevåt, når eg ser grilling, liv og røre på fine sommarkveldar. Ja, når eg ser røyken frå grillen, då veit eg at dei kosar seg!

ulstein

Olav Harald Ulstein veit ikkje om andre baner som ligg finare til. – I Sykkylven har vi ei fantastisk ramme med fjord og fjell, seier han. (Foto: Hanne Suorza)

Volleyballklubben

Olav Harald var aktiv volleyballspelar i 16 år. Han er framleis medlem i Sykkylven volleyballklubb, og møter nokre andre erfarne spelarar til trening ein gong i veka.

Ein av dei er leiar i klubben, Kåre Magne Rønning.

- Vi er ikkje så mange, og speler gjerne to mot to, eller tre mot tre, fortel Kåre Magne, som minnest den tida då klubben hadde mange aktive lag.

- Eg hugsar spesielt godt opprykkskampen i 1986. Om lag 600 tilskodarar skapte ei helt utruleg stemning i storhallen! No er det over 15 år sidan vi har spela kamp mot andre lag.

Friskt i minne er også den aller første treninga han var på i Sykkylven samfunnshus i 1975.

- Eg var 12 år og vand til å spele volleyball på Tandstad skule. Denne dagen var eg med søstera mi, og eg hugsar godt kor høgt det var under taket på samfunnshuset. Det gjorde det mykje enklare å spele, seier Kåre Magne Rønning, som kan sjå tilbake på eliteseriespel for Grong og Brønnøysund på 80-talet.

volleyball1

Sykkylven har i dag ein liten volleyballklubb. Nye medlemmar er velkomne. (Foto: Hanne Suorza)

volleyball2

Rolf Ståle Barstad, Kåre Magne Rønning, Kristian Magnus Furland og Jan Hallvard Harstad speler volleyball i Sykkylven Storhall. (Foto: Hanne Suorza)

Har du lyst til å vere med?

Sykkylven Volleyballklubb ønskjer nye spelarar velkomne. Klubben har ikkje trenar, så den som møter opp bør ha erfaring og kunne engasjere seg sjølv. Kontakt Kåre Magne Rønning på 970 93 893.

Sandvolleyballbanene på Aure og i Straumgjerde er opne for alle.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

voley1

Sykkylven har to flotte sandvolleyballbaner. I Straumgjerde ligg bana flott til ved elva Straumen, og med utsikt til Straumshornet. (Foto: Hanne Suorza)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.