Ein idrett for heile familien!

Frå venstre: Jermund Holen, Tone Langdal, Ole Høibak, Halvor Langdal, Tor Aage Langdal og Simen Alvestad trener i grendauset i Hundeidvik. Dei skyt med rekurvboge, som blir nytta i for eksempel OL. (Foto: Hanne Suorza)
Bogeskyttarane, som trener ein gong i veka i Hundeidvik, har sikta seg inn i konkurranseklassa. 10. november var seks av medlemmane med på sitt første stemne i Ålesund.
Tre av dei som tok turen var Tor Aage, Tone og Halvor Langdal (10). Familien synest det er kjekt å ha ei felles fritidsinteresse.
- Det første Halvor spurde om etter stemnet var ”når er neste gong?”, fortel Tor Aage som ser det er motiverande å få prøve seg mot jamnaldra.
Saman med dei andre skyttarane inviterer han alle interesserte til å prøve bogeskyting. Utstyr kan du låne på Hundeidvik Grendahus. Eige utstyr kostar frå om lag 3000 kroner.
Best med pil og boge under stemnet i Ålesund, var Simen Alvestad. I sitt første meisterskap imponerte fjortenåringen med ein andre plass i klasse Recurve 4 – for ungdom mellom 10-16 år. Kristian Krohn stod også for ein solid prestasjon i samme klasse.
Fleire familiar er med i klubben. Blant dei ekteparet Ole og Irene Høibak.
- Det er kjekt å gjere noko i lag. Ikkje berre sjå på at ungane er aktive, seier Irene.
- Så dette er ein sport også for damer?
- Ja, det er mange aktive damer med. Det var faktisk ei dame som vann i helga, seier Irene.
Å bli god krev armstyrke, men det går an å kjøpe utstyr med lett vekt.
Ole, som er leiar i klubben, fortel at det er eit godt miljø for bogeskyting i distriktet. Sjølv har han drive med sporten sidan barndomsåra i Nord-Norge. Ole var også aktiv då det var bogeskyting i Straumgjerde for 10 år sidan. For eit par år sidan hadde han lyst til å starte på att, og tok difor kontakt med styret i Hundeidvik IL, som var positive til initiativet. HIL og Sykkylven Energi gav midlar til utstyr.
Bogeskyttarane, i alderen 8 til 50, bur ulike stadar i bygda. Du kan kome og gå som du vil.
- På ei trening skyt vi 30 piler før vi tar ein pause, for så å skyte 30 piler til. Og så rølar vil litt når vi er betre enn sidemannen, smiler Ole.
- Har klubben nye planar?
- Dersom fleire blir med, er det aktuelt å trene to gongar i veka. Om vi får nok juniorar, så kan det bli ei eiga gruppe for dei. Å konkurrere gav også meirsmak, så det vil vi nok gjere meir av, seier bogeskyttar Ole Høibak til brabygd.no
Har du lyst til å vere med?
Kontakt leiar i Hundeidvik Bueskyttere, Ole Høibak på 907 90 778/ ol-hoei@online.no
FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER
Om du er ekstra interessert, kan du sjå denne filmen til Norges Bueskytterforbund: