Så visst har dei beina godt planta i norsk dansetradisjon. Men når «Durdeier med drenger» klinkar til, er det ingen som står stille i Sykkylven kulturhus.

Generasjonar finn saman i lette steg på kulturhuset. På scena speler «Durdeier med drenger». (Foto: Hanne Suorza)
Barnegruppa er ein del av Sykkylven Frilynde Ungdomslag.
Anne Britt Hjortdal informerer om aktivitetane:
- Borna dansar mellom anna reinlendar, hallingdans, polka, vals og linedans.
- Hausten 2013 er det 12 aktive dansarar frå 7-12 år med i barnegruppa.
- Nedre aldersgrense er 6 år.
- Øving ein gong i veka.
- Nye dansarar tar til i oktober.
- Barnegruppa er med på fleire årlege arrangement. Mellom anna dansar dei på Buas to gongar i året, tar del under Sunnmørstemnet for born, musikkfestdagane og 17. mai-feiring. Av og til også på Sjokoladekappleik, som er ein uformell samlingstad for unge folkedansarar og musikarar.
- I desember møtast borna til juleverkstad, og i januar til øvingshelg.
- Før sommarferien er det avslutningsfest. I 2012 underheldt barnegruppa på Hurtigruta. I 2013 var det grilling, dans og kubbespel på Langeneset.
- Dans byr på koordinasjon, samarbeid og glede. Ein fin kombinasjonen av litt leik og litt alvor.
- Miljøet i barnegruppa er godt med flotte aktive barn og velvillige foreldre.

Alexandra Sørensen (8) og Benedicte Sætre Solbjør (10) liker å danse vals. Men linedans og andre raske dansar er favorittane. (Foto: Hanne Suorza)

Seksten år gamle Sunniva Karlsen (til høgre) har dansa i ti år og er ein av instruktørane i ungdomslaget. Her demonstrerer ho hallingkast saman med systera Benedicte Karlsen (11).
Vaksen-gruppa er også ein del av Sykkylven Frilynde Ungdomslag.
Astrid Aure informerer om aktivitetane:
- Vi er ei gruppe på 20-30 personar i alderen 45-75.
- Yngre dansarar er hjarteleg velkomne!
- Øving ein gong i veka.
- Det er ein fordel at du har ein partnar å danse med, men ikkje nødvendig.
- Vi dansar mellom anna polka, vals, reinlendar, pols, masurka, tango og bugg. Songdansar, pardansar og gruppedansar.
- Dans er sosialt og god trim. Det er rimeleg samanlikna med andre aktivitetar.
- Første torsdag i kvar månad har vi levande musikk med ”Durdeiene”.
- Vi har nokre innleigde instruktørar, men nyttar også eigne folk til å undervise.
- Vi reiser på turar. Sommaren 2013 gjekk turen til Gålå, der vi såg Per Gynt spelet. Vi har også vore på utanlandsturar, mellom anna til Praha og Dublin.
- Dei vaksne dansarane har nyleg hatt kurs der dei lærte sju nye dansar.

- Å, det er herleg å ta ein vals, smiler Per Svein Tandstad, som svingar seg saman med Anne Britt Hjortdal. – Vi dansar begge vegar. Både rett og vrang, til høgre og til venstre, fleipar han. For Anne Britt er det mykje positivt med dans: – Musikken, bevegelsen, samdansen, sveitten, men mest av alt gleda. Og så bli vi kjend med mange kjekke folk, seier ho. (Foto: Hanne Suorza)

Sykkylven Frilynde Ungdomslag blei etablert i 1893. På denne nettstaden kan du lese meir om folkedans. (Foto: Hanne Suorza)
Seniordans:
Leiar Oddrun Eidem informerer:
- Møtestad med dans, i utgangspunktet for 55+, men også yngre kan vere med.
- Vi dansar til rytmar frå mellom anna vals, tango, rumba, samba. Lista er lang.
- Dansane er forenkla og tilrettelagt slik at dei med for eksempel dårlig kne eller hofte kan vere med.
- Dansarane treng ikkje kome parvis.
- I Sykkylven er det om lag 50 personar med. I Møre og Romsdal er det 1000 seniordansarar.
- Seniordans er delt inn i to ulike grupper, som øver ein gong i veka på Buas.
- Ein dag i månaden er gruppene samla på kulturhuset. Då kan det vere at dansarar frå andre kommunar er med.
- Nyleg tok Sykkylvingane turen til Hareid, der 260 seniordansarar var samla.
- Organisasjonen har gode kurs for instruktørar.
- Målet er først og fremst eit sosialt nærver.
- Sittedans er beregna på dei med dårlegare rørsle.
På denne sida kan du lese meir om seniordans.
Durdeier med drenger:
Gunhild Øigarden informerer:
- Dei fire durdeiene møttest på kurs og bestemte seg etterkvart for å starte opp ei toradar gruppe.
- Etterkvart fekk dei med seg karar på komp. Då måtte navnet naturleg nok bli Durdeier med drenger.
- I dag er det fire durdeier og fire drenger med.
- Dei speler trekkspel, toradar, bass og gitar.
- Dersom du kan å spele eit av desse instrumenta, er du velkommen til å ta kontakt og kanskje bli med som durdeie eller dreng.

Durdeiene og drenger speler for ungdomslaget ein gong i månaden. Frå venstre: Kari Hjorthol, Gunhild Øigarden, Grete Aure, Per Kaspersen, Edith Magerholm, Leif Tuva, Odd Risvik, Mykhaylo Mykhalchyshyn (Micha) og Nils Kristian Magerholm. (Foto: Hanne Suorza)
FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER
Har du lyst til å vere med?
Barnegruppa: Anne-Britt Hjortdal: 918 95 022/ anne.britt.hjortdal@ekornes.com
Vaksne: Astrid Aure: 415 11 406/ astri-kj@online.no
Seniordans: Oddrun Eidem: 408 82 269/ bergleid@online.no
Durdeiene og drenger: Gunhild Øigarden: 416 92 286/ gunhild.oigarden@hotmail.no