Les om eit spennande utval av turløyper på brabygd.no!
Tusen hjarteleg takk til Fjellhug!
Dette får vi til fordi Fjellhug deler raust frå den flotte Fjellhugboka. Turlaget, ved leiar Anita Kjersheim, bidrar også med å tilpasse tekstane for web. Takk!
Tekstane om turløyper på brabygd.no er naturleg nok forenkla. Dersom du ønskjer meir detaljerte skildringar kan du kjøpe Fjellhugboka. Der er heile 66 toppar og 150 ulike rutealternativ med!
Boka er den einaste med ruteskildringar av samtlege fjelltoppar på over 1000 meter i Sykkylven. Det første opplaget på 2500 eksemplar kom ut i 1996 og vart utselt etter få år. I 2011 kom Fjellhug med ei ny og revidert utgåve med flotte fargebilder.
I boka finn du informasjon om vanskegrad og oppstigningstid på kvar rute. I omtalen av dei mest kjende tindane kan du også lese om historikk og namneforklaringar. Du finn boka på Hardhaus, Intersport, Focus Sport, Joker i Velledalen og på Sykkylven Bok og Papir.
Tekstane på brabygd.no er inndelt i to kategoriar: toppturar og familieturar. Dei er lenka opp mot fantastiske bilder frå Sykkylven på skaparglede.no.
Vi håper dette er nyttig både for oss som bur her, og for dei mange som besøker bygda for å gå i fjella.
God tur og god helg!
Helsing Hanne