Juba teater og klubb

Kreative evner? Ta turen til Straumgjerde for teater, sjonglering, glassmåling, lysstøyping og mykje meir.

juba1web

Juba teater: Vilde Selsbakk Skogseth, Johanne Hjordal, Charlotte Gulla Tandstad, Amanda Sofie Bolstad Østro, Ine Velle Nerhus, Frida Sofie Bjørneseth Lade og Inga Therese Strøm Årdal.

Trollenes jul

Seks jenter er spente før første helga i advent. Sidan august har dei øvd på teaterstykket ”Trollenes jul” som dei skal framføre på Vaarvon i helga. «Trollenes jul» handlar om ein fjøsnisse som bur på kongsgarden. Vi får også møte ein prins og ei prinsesse som blir lurt til å vere med i julelag saman med trolla. Skal tru om nissen dukkar opp for å hjelpe?

Tone Wisth, som er engasjert teatergruppa, fortel at barn frå ulike stadar i bygda er med som skodespelarar. Ho er glad for å sjå at borna har det kjekt på scena. Teaterstykket varer i 45 minutt, opplyser Tone, som kjem frå Trondheim og har budd i Sykkylven i 10 år.

Trollenes jul på Vaarvon: laurdag 30. november klokka 18, og søndag 1. desember klokka 17.

Leiar i Juba, Thorild Rogne Emdal, informerer om aktivitetane i Straumgjerde:

Juba Juniorteater

  • Borna øver ein kveld i veka på ungdomshuset Vaarvon i Straumgjerde.
  • Vi ynskjer at borna skal få oppleve glede ved å spele teater, syngje, danse, gjøgle og sjonglere. Det skjer i trygge former der vi legg vekt på læring og opplevingar undervegs.
  • Juba ynskjer å gi borna ein sjanse til å utvikle både evner og anlegg.
  • Vi vil hjelpe borna til å bli trygge på seg sjølve. Det kan vi oppnå ved at dei får sjansen til å prøve og feile i eit trygt miljø.
  • Øvingane er lagt opp med leik, teatersport og øving på teaterframsyningar.
  • Vi har førestillingar ein gong i året.
I 2012 viste Juba teaterstykket ”Hvorfor det da?”. Om lag 300 personar kom for å sjå framsyningane på Vaarvon.

I 2012 viste Juba teaterstykket ”Hvorfor det da?”. Om lag 300 personar kom for å sjå framsyningane på Vaarvon.

 Juba Klubb

  • Medlemmane møtast i Straumgjerde bedehus ein gong i veka.
  • Vi driv med ulike former for hobbyaktivitetar. Det kan vere baking, scrapping og glassmaling. Vi lagar mellom anna smykker, drops, lys, såpe og handkrem.
  • Vi får med oss opplevingar i nærområdet. Av og til har vi opne arrangement der formålet er at born og vaksne skal skape gode opplevingar saman.

Har du lyst til å bli med?

Teater: Kontakt Tone Lillian Wisth på 988 98 865 eller e-post twisth@broadpark.no

Klubb: Kontakt Torhild Rogne Emdal på 922 62 536 eller e-post: tremdal@broadpark.no

Les meir om Juba her.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

juba6web

Teaterstykket ”Hvorfor det da?”, som blei vist på Vaarvon i 2012, er ei samling av sketsjar og songar frå Astrid Lindgren sine bøker. Publikum fekk sjå både Pippi, Emil og Ronja Røverdatter, Karlson på taket og Per Pusling.

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.