Kor – for vaksne

I Sykkylven er 130 vaksne songarar fordelt i fem kor. – Vi har eit av dei mest aktive kormiljøa i Møre og Romsdal, fortel musikkleiar Åge Frøystad.

kor_web

Under musikkfestdagane 2013 var mange av kora samla i Sykkylven kyrkje. (Foto: Syver Aure Torvik)

Dei fem kora er Credo Vokal, Sykkylven Gospelkor, Velledalskoret, Hundeidvik blandakor og Sykkylven blandakor.

- At så mange er med, viser at kora byr på utfordringar, gode opplevingar og sosialt nettverk, seier Åge Frøystad.

kor2web

Sykkylven blandakor i Sykkylven kyrkje. Åge Frøystad fortel at både Sykkylven- og Hundeidvik blandakor blei starta på slutten av 1800-talet. – På den tida var blandakor noko nytt i Norge, og dermed er dei to kora blant dei eldste i landet som framleis er aktive, seier han.  (Foto: Syver Aure Torvik)

Musikkleiaren trur at dei fleste ynskjer å utfordre og utvikle seg innan hobbyen sin.

- Resultatet blir som oftast gode musikalske opplevingar i ei trygg og sosial ramme. Mange finn nye venner med felles interesse. Å stå saman med resten av koret og kjenne på felleskapet er ein unik følelse. Vi skaper noko vakkert i lag. Det er også godt å oppleve eit takknemleg publikum, seier Åge og legg til:

- Det er ikkje få korkafèar, julekonsertar og temakonsertar vi som publikum får oppleve. Arrangementa er godt besøkte, og viser at mange set pris på det kora serverer.

kor3web

Hundeidvik blandakor vart skipa i 1871, som eit av dei første blandakora på landsbygda i Norge. Les meir på lokahistoriewiki.no.  (Foto: Syver Aure Torvik)

Åge starta i Ten Sing i Sykkylven på 70-talet. I studietida i Trondheim heldt han fram med musikken. Siden den gong har han fått lang erfaring som dirigent. Også som musikkleiar får han oppleve kora i bygda på nært hald.

- Kva gjer de på korøving?

- Ei korøving er som regel på kveldstid etter ein lang arbeidsdag. Vi startar difor med oppmjuking av kropp og stemmeband: litt latter, lette dansetrinn og litt bøy og tøy til kroppen er avslappa og klar. Så kjem ei lita avdeling med enkle songøvingar for å klargjere stemma, og kanskje ein liten leksjon i stemmebruk. Vi lærer å få fram den finaste klangen, og om korleis bruke stemma for ikkje å bli sliten før øvinga er slutt.

- Deretter startar innlæringa av nye songar, eller finpuss på songar vi kan. Midt i øvinga har dei fleste kora ein god pause med kaffe og litt å bite i. Vi set av tid til prat med gamle og nye venner. Det hender at vi deler opp koret i stemmegrupper. Eit par gonger i året sjekkar vi inn på hotell og har øvingshelg. At alle føler seg inkluderte er viktig for den musikalske samklangen i koret.

- Kva betyr kormiljøet for deg?

- For det første har det vore ein del av jobben min som musikkleiar og dirigent i over 20 år. Det har også gitt meg mange gode venner. Dessutan gir det meg stadig nye sterke musikalske opplevingar som eg ikkje ville ha vore forutan, og som gjer at eg ser fram til kvar korøving med glede.

- Dersom nokon ønskjer å bli med, korleis gå fram?

- Alle kora tek mot nye medlemmar med opne armar. Det er berre å velje seg eit kor og ta kontakt. Du kan starte som ny songar når som helst på året, men det er kanskje lettast å starte når koret tar til på ein ny sesong eller eit nytt prosjekt. Opplæring får du gradvis gjennom korøvingane og dei faste oppvarmingsøktene. Om du er sopran eller alt (lys eller mørk damestemme), eller tenor eller bass (lys eller mørk herrestemme), finn vi ut etter kvart. Det viktigaste er å kome i gong, seier dirigent og musikkleiar i Sykkylven kommune, Åge Frøystad til brabygd.no

kor5web

Hundeidvik blandakor og Blue Horn Jazzband (Foto: Syver Aure Torvik)

Brabygd.no har tidlegare skrive om kora i Sykkylven, mellom anna:

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Har du lyst til å vere med?

Kontaktinformasjon:

Musikkleiar i Sykkylven kommune: age.froystad@sykkylven.kommune.no/ 702 46 500

Sykkylven blandakor: Vigdis Gulla: 481 25 781

Velledalskoret: Geir Straumsheim: 932 08 566

Hundeidvik blandakor: Asbjørn Enerhaug: 958 04 284

Credo Vokal: Ivar Vestre: 975 72 343

Sykkylven Gospelkor: Grete Sporsheim: 958 74 647

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.