KRIK Sykkylven

Variert idrett og sunne verdiar står sentralt i det nystarta fritidstilbodet.

krik2

Vegard Lillebø og Syver Tronerud i KRIK Sykkylven. – Vi startar med oppvarming, gjerne stikkball. Deretter har vi ei andakt, før konkurranseinnstinktet slår til på bana, seier Vegard Lillebø. (Foto: Hanne Suorza)

KRIK (kristen idrettskontakt) starta opp i Sykkylven hausten 2013. Treningane foregår i storhallen. I november møtast ungdommane i gymsalen på Vik skule. Laurdag var 14 sporty jenter og gutar i gang med innebandykamp.

- Vi har det veldig kjekt! Det er fint å vere i aktivitet i staden for å sitje heime, seier Vegard Lillebø. Attenåringen er styreleiar i KRIK Sykkylven og fortel at han har blitt kjent med fleire ungdommar gjennom KRIK.

28. desember reiser han og minst fem andre medlemmar til Lillehammer. Der skal dei delta i EXPLORE 2014; ein nyttårsleir for ungdommar i alderen 15-20 år.

- Gleder du deg?

- Gjett da! Det er 1500 påmelde. Eg var der i fjor. Då hadde eg telemark som tema. I år skal eg klatre, smiler Vegard.

krik3

KRIK Sykkylven, frå venstre: Daniel Sporsheim, Luise Rust, Ottar Kjersheim, Vegard Lillebø, Constantin Rust, Markus Kampenes, Arild Sporsheim,
Pauline Alnes Bragstad (i ribbevegg), Sunniva Karlsen, Tilman Elsësser, Annika Leirmo (i ribbevegg), Odin Alvestad og Syver
Tronerud. (Foto: Hanne Suorza)

Kva er KRIK?

  • Ei KRIK-samling i storhallen inneheld oppvarming, pause med andakt og ulike lagidrettar.
  • Det kan for eksempel vere fotball, handball, volleyball, basketball eller innebandy.
  • Oppvarmingsdelen består gjerne av leik og stafettar der alle skal kunne oppleve meistring.
  • Ungdommane set dagsorden. På den måten er dei med på å utvikle ungdomsmiljøet i KRIK.
  • I tillegg til samlingane i storhallen har KRIK mål om å få til  ungdomskveldar hos Vineyard, i ei av kyrkjene eller andre stadar i bygda.
  • Det vil også bli eigne leirar, både om vinteren og sommaren. Medlemmane kan vere med på KRIK-arrangement rundt om i landet.
krik1

Constantin Rust og Markus Kampenes er idrettstalent og styremedlemmar i KRIK Sykkylven. (Foto: Hanne Suorza)

Inkluderande

Arild Sporsheim er initiativtakar til det nystarta fritidstilbodet. Med seg har han Svein Erik Kampenes og fem idrettsglade ungdommar som leiar KRIK-samlingane.

- Her det er rom for alle, både om du er god i idrett og mindre god, seier Arild.

- Samlingane er organiserte, men ikkje på ein måte som ekskluderer nokon. Målet er ikkje sportsleg framgang, men å ha det triveleg både sosialt og åndeleg. Likevel er det rom for sunn konkurranse.

krik4

Daniel Sporsheim, Pauline Alnes Bragstad, Syver Tronerud, Vegard Lillebø, Odin Alvestad, Sunniva Karlsen og Annika Leirmo. (Foto: Hanne Suorza)

Kristent fellesskap

KRIK er ikkje ein idrettsorganisajon, men eit samlingspunkt for kristne- og ikkje kristne ungdommar frå åttande klasse. Sentralt i arbeidet er:

  • Glede: trusglede, livsglede og idrettsglede.
  • Fridom: til å prøve nye ting, og til å feile.
  • Å vere tydeleg: på det vi trur på og kva verdier vi har.
  • Stoltheit: over det vi trur på og er.

Arild fortel at KRIK Sykkylven arbeider for at fleire skal bli inspirert til eit kristent liv i idrettslag og kyrkjelyd.

- Vi ønskjer å bygge eit fellesskap som gir rom for spørsmål og undring, seier han.

Arild har ikkje sjølv vakse opp med KRIK, men følgt med dei seinare åra. Han ser at KRIK har mykje godt å kome med.

- Min personlege draum og håp er at KRIK Sykkylven kan verte ein av grunnpilarane i eit levande, sunt og kristent ungdomsmiljø i bygda, seier Arild Sporsheim i eit intervju med brabygd.no

Har du lyst til å vere med?

Alle ungdommar frå 8. klasse er velkomne. Dei to første gongane er gratis. Deretter blir du spurt om å bli medlem, eller betale per gong. Les meir om treningstider og kontaktinformasjon på KRIK Sykkylven si facebookside og på krik.no

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.