Skulekorpsa

I Sykkylven er det to skulekorps. Dei som bur i Straumgjerde og i Velledalen speler i Straumshorn/Velledalen skulekorps. Dei andre krinsane er samla i Sykkylven skulekorps.

thezoo2web

På repertoaret til The Zoo står alt frå jazz til Michael Jackson. Medlemmane heiter Andrine Andestad og Ingrid Øvstedal Vik (klarinett), Mathea Strømmegjerde og Filip Nguyen Solheim (trompet), Johannes Løvold Josefsen (saxofon), Odd Inge Nybø og Jonas Strømmegjerde (trombone) Erlend Lillevik (tuba) og Magnus Thoresen og Eirik Sætre (tromme) (Foto: Syver Aure Torvik)

For å halde på dei eldste musikantane blir det tenkt kreativt:

Eit av grepa har resultert i bandet ”The Zoo”: Ti av medlemmane i Sykkylven skulekorps i alderen 14-19, øver for seg sjølve ein gong i veka.

Det var dirigent Marianne Slyngstadli som kom med ideen:

- Eg ville gi dei eldste nye utfordringar. Bakgrunnen til navnet The Zoo er litt vittig: På Internett kom eg over nokre artige huer med dyremotiv. Eg bestilte ti. Du veit, korpset kan jo vere meir som ein dyrehage med mykje armar og bein. Det er mykje moro med denne gjengen. Flott norsk ungdom på siit beste, slår ho fast.

The Zoo, med sine åtte blåsarar og to trommisar, tar på seg speleoppdrag. 15 år gamle Filip Nguyen Solheim speler trompet:

- The Zoo gir meg mykje speleglede. Vi har ingen foreldrevakter med på øvingane. Det er kjekt at vi får det til på eiga hand. Vi er gode venner i eit hyggeleg miljø. Eg stortrivst i korpset, seier Filip Nguyen Solheim til brabygd.no

the-zoo1web

Andrine Andestad, Filip Nguyen Solheim, Johannes Løvold Josefsen, Odd Inge Nybø og resten av gjengen i «The Zoo» får mange lovord frå dirigent Marianne Slyngstadli: – Det er moro å sjå kva dei får til på eigahand. Stor stas at dei jobbar fram vanskelege låtar og meistrar dei strålande godt, seier ho. (Foto: Syver Aure Torvik)

Straumshorn/Velledalen

I Velledalen møter vi 16 år gamle Victoria Urke Bøe:

- Her er det mykje latter! Det viser at folk er glade. Dirigenten vår er i alle fall latterfull, smiler Victoria.

18 år gamle Hanna Bakken er einig. Jentene oppfordrar fleire til å bli med i korpset.

- Det er kjekt å vere mange i lag. Kanskje kan det vere litt skummelt til å byrje med, men det går fort over. Det er betre å komme hit, enn å sitte heime og lure på korleis vi har det, seier jentene.

Den latterfulle dirigenten heiter Jan Eldar Lyngvær. I 15 år har han lært musikantane å utøve og tolke musikk.

- Det betyr mykje å sjå at barna har det kjekt og lærer. At ungane stiller spørsmål som viser at dei forstår, ja, det er det kjekkaste eg kan oppleve som dirigent. Denne gjengen jobbar godt, seier han.

I Straumshorn/Velledalen skulekorps er det om lag 20 medlemmar i alderen 10-16 år. Dei aller fleste er jenter. Nokre eldre ungdommar stiller på for å inspirere og halde nivået oppe.

Kvart femte år reiser korpset på tur til utlandet. I 2013 gjekk ferda til Brighton. Korpset har øvingshelger to gongar i året. Oftast på Fjellseter Ungdomssenter eller på Orreneset.

På repertoaret står mellom anna ”Teddyen min”, ”Billie Jean”, ”Trall-antijanteloven” og ”The Fox”.

Å meistre eit instrument er fint på mange måtar, i følge Jan Eldar:

- Korps er internasjonalt. Notane er like. Du kan vere med i eit korps kvar som helst i verda. Og då får du også nye venner.

straumshorn1web

Straumshorn/ Velledalen skulekorps. (Foto: Hanne Suorza)

Sykkylven skulekorps

Den sosiale verdien er også eit moment som leiar i Sykkylven skulekorps, Anita Øvergård, trekk fram som positivt:

- Når du først har lært deg å spele eit instrument, er dette noko du har med deg resten av livet. For eksempel om du flyttar ut av bygda for å gå på skule, så kan korpsmusikken gjere det enklare å bli kjent, seier ho.

Anita har sjølv spela i korps i mange år. Dei siste åtte har ho engasjert seg i ulike verv.

- I korpsa har vi ingen resevebenk. Førstestemma og tredjestemma er like viktig. Barna lærer å samarbeide og å hjelpe kvarandre.

- Kvifor er du engasjert?

- Det er mange fine folk med i korpsa. Eg arbeider i Ålesund, og synest dette er ein fin måte å halde kontakta med bygdefolket. Eg får betre kontakt med vennane til borna mine og foreldra deira, seier Anita og legg til:

- Mange trur at det er mykje jobb å ha med barn i korpset. Det stemmer ikkje!

sykkylven-skulekorpsweb

Aure skulekorps har 23 medlemmar. Dirigent Marianne Slyngstadli seier at ungdommane byr på seg sjølve og gir publikum flotte musikalske opplevingar.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Har du lyst til å vere med?

Nye medlemmar er velkomne! Borna byrjar med individuell opplæring, som oftast i musikkskulen, der dei går som aspirant første året. Deretter i ei eiga juniorgruppe i eit halvt år, før dei blir meir og meir med i korpset utover sesongen.

Kontakt:

  • Sykkylven skulekorps: Leiar Anita Øvergård: 952 33 311/ anita@ikornnes.no
  • Velledalen/Straumshorn skulekorps: Leiar Odd Arne Bøe: 994 96 688/ odd.arne@oatrading.no
straumshorn3

Straumshorn/Velledalen speler ”Trall-antijanteloven” – ein song med eit viktig bodskap.

kva-er-kjekt1web

Ingen tvil om at musikantane i Aure skulekorps set pris på å spele i korps!

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.