Sykkylven klatreklubb

Er du klar for spennande utfordringar? Då kan du glede deg til nye kurs i regi av Sykkylven klatreklubb. Eit sprekt miljø er i emning!

marteberga2_Small

Fotograf Per Magne Drotninghaug deler i dag mange flotte bilder her på brabygd.no. Her ser vi Tor Lennart Vikstad på Marteberga i Sykkylven. Tor Lennart har klatra sidan han var ein liten gut, og er ein av dei som var med på å etablere Sykkylven klatreklubb. (Foto: Per Magne Drotninghaug)

Leiar i klatreklubben, Kjetil Ellefsen, fortel at det er stor interesse for klatring i fjellbygda Sykkylven.

- Ja, det er mange som spør og har lyst til å lære. Vi har nye idear og planar. I løpet av vinteren vil vi arrangere introduksjonskurs i Sunnmørshallen. Det blir moglegheiter for å avlutte med å ta Brattkort-prøva, seier han.

For å bestå Brattkort-prøva må du mellom anna kunne bruke klatreutstyr på rett måte, samt utføre kameratsjekk og sikring. (les meir på brattkort.no)

Tor Lennart Vikstad og Kjetil Ellefsen i buldrerommet til Sykkylven klatreklubb. (Foto: Hanne Suorza)

Tor Lennart Vikstad og Kjetil Ellefsen i buldrerommet til Sykkylven klatreklubb. Det ligg i same bygning som Stamina på Vik. (Foto: Hanne Suorza)

Når det frys på, vil Sykkylven klatreklubb invitere til isklatring på Fet. Mellom taka blir det tid for bålbrenning, prat og varme.

strandafjellet2_small

Stemningsfullt på Strandafjellet. (Foto: Per Magne Drotninghaug)

sfinksen2_small

Å ta seg opp isete veggar krev styrke, teknikk og vilje. (Foto: Per Magne Drotninghaug)

Buldring

Sykkylven klatreklubb blei stifta under ei klatreøkt i Sunnmørshallen i 2008. Første styremøtet var på ferja heimover. Dei spreke karane Tor Lennart Vikstad, Ole Jakob Sandvik, Frode Lauvstad og Jan Gunnar Hole byrja raskt å finne sponsorar for å bygge opp buldrerommet på Vikøyra.

- Dette er rett og slett eit rom fylt med klatretak. Du kan klatre på veggane og i taket. Golvet er dekt av ei tjukk matte. Så det er berre å ta sjansar og ramle ned, forklarer Kjetil.

Som medlem i klatreklubben får du eige nøkkelkort til buldrerommet. Både skular og barnehagar nyttar seg av tilbodet kvar veke. Det er plass til fleire.

sara

Sara Tynes Ellefsen på veg til topps i buldrerommet på Vik. (Foto: Kjetil Ellefsen)

Fantastisk natur

Med tau, sele, hjelm, styrke og teknikk, tar erfarne klatrarar seg fram både sommar og vinter.

For Kjetil er klatring både jobb og hobby. Til dagleg arbeider han som industriklatrar på olje- og gass-installasjonar.

Han meiner at klatring kan passe for alle. Men du må finne ditt nivå og tilpasse vanskegrad og risiko.

Sebastian Andreassen finn gode tak i fjellvegen. (Foto: Olav Andreassen)

Å klatre er kjekt for små og store. Sebastian Andreassen finn gode tak i fjellveggen. (Foto: Olav Andreassen)

- Korleis er moglegheitene for klatring i Sykkylven og i distriktet elles?

- Vi er heldige som har to klatrefelt: Kyllinghammaren i Grebstadlia og Marteberga rett over Nakkegata byr på fin klatring. Områda er lett tilgjengelege, også for barn. I sykkylvsfjella er det litt meir rufsete. Det er mykje laust fjell og risikoen for steinsprang er stor. Spør kjentfolk, oppmodar Kjetil, og fortel om fine alternativ:

- På Magerholm er høge veggar populære mål. Molladalen i Ørsta er omkransa av fjelltoppar. Kvaliteten i fjellet er betre der enn her. Romsdalen ligg eit par timar unna. Der kan vi klatre på alt frå ein stor stein ved Rauma til høgt opp i Trollveggen. Vinterstid er det flott. Frossne fossar gir super isklatring. Når dei elles lause steinane i fjellet frys fast, kan vi nå nye ruter og toppar.

Bra buldring i Straumgjerde. (Foto: Per Magne Drotninghaug)

Bra buldring i Straumgjerde. (Foto: Per Magne Drotninghaug)

- Kva er bra med klatring?

  • Tilgjengelegheit: Du treng berre ein stein eller eit svaberg for å klatre.
  • Trening: Styrke, rørsle, uthald.
  • Mentalt: Meistring, utfordring, risikoforståing, risikostyring, fokusering og konsentrasjon.
  • Pris: Billig inngangsbillett, rimeleg utstyr i forhold til mange andre aktivitetar.
  • Variasjon: Veksling mellom å vere sjølvstendig og å samarbeide. Du er heilt avhenging av deg sjølv og av medklatrar.

- Er klatring ein ting i tida?

- Heilt klart. Terskelen for å klatre i fjellet, tinderangling og toppturar er senka mykje. Stort fokus i media er med på å skape lyst og behov, seier Kjetil Ellefsen til brabygd.no

Har du lyst til bli med?

Hald deg oppdatert på facebooksida til Sykkylven klatreklubb!

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

Frode Lauvstad på veg til Råna. (Foto: Per Magne Drotninghaug)

Frode Lauvstad på veg til Råna. (Foto: Per Magne Drotninghaug)

brekketind_small

Vakre fjell på Sunnmøre. (Foto: Per Magne Drotninghaug)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.