Sykkylven pistolklubb

Dei fleste av medlemmane i pistolklubben driv med feltskyting. I sommarhalvåret er det treningar på Sykkylven skytestadion. Vinterstid held skyttarane til på Ikornnes.

pistolklubben2_web

Bastian Myhre fortel at nye skyttarar får innføring i sikkerheit og trygg våpenhandtering. – Det er det viktigaste. Vi har ikkje hatt uhell her, seier han. (Foto: Hanne Suorza)

Bastian Myhre er ein aktiv skyttar og formann i Sykkylven pistolklubb. Han orienterer om tilbodet:

- Kva er Sykkylven pistolklubb?

- Det er ein klubb der vi skyt med handvåpen (pistol og revolver).  Vi driv mest med feltskyting i regi av NSF, men også med baneskyting og dynamisk skyting. Dei mest aktive i klubben driv med alle tre formene for skyting. Vi er medlem av Norges Skytterforbund (NSF), som er ein del av Norges idrettsforbund. Sykkylven pistolklubb samarbeider også med Nordvest Sportskyttarlag om dynamisk sportskyting.

pistolklubben5_web

Sykkylven er stort sett godt representert i regionale konkurransar. – Det er lett å kome i kontakt med oss, fortel Willy Andre Bergstrøm (nummer to frå venstre). Han er ein av dei mest aktive skyttarane i klubben. Denne dagen har han ansvar som standplassleiar. (Foto: Hanne Suorza)

- Kven er med?

- Først og fremst vaksne menn. Eit kjapt søk i idrettsregisteret viser 26 personar mellom 20 og 40 år, og 51 personar over 40 år. Det er to damer med.

Klubben er open for alle, uansett kjønn, alder eller funksjonsform. Med litt tilpassing går det fint for ein rullestolbrukar å skyte med handvåpen, så lenge han eller ho kan halde 1 – 1,5 kg på strak arm.

Nederste konkurranseklasse er for juniorar frå 14 år. Men så lenge oppfølging og sikkerheit er på plass, kan barn ned i 10-års alderen vere med. Det går meir på individuell modning enn alder. Ikkje minst er det viktig at ein forelder eller trenar er til stades heile tida. Vi har med jamne mellomrom eldre ungdom (15-19 år) som medlemmar. For å ha eige handvåpen må du vere 21 år.

- Korleis organiserer de treningane?

- I vinteresesongen (september – april) held vi til i klubbhuset på Ikornnes stadion. I sommarsesongen  (april – august) driv vi med feltskyting og dynamisk sportskyting på Sykkylven skytestadion.

- Er de med i konkurransar?

- Nokre av oss tek del i regionale konkurransar og nasjonale meisterskap. I Sykkylven arrangerer vi kvart år klubbstemner, eit kretsmeisterskap i feltskyting og eit nasjonalt stemne i dynamisk skyting. Det varierer litt kor mange som konkurrerer frå sesong til sesong. Vi har både individuelle medaljar og lagmedaljar i krets- midtnorsk- og norsk meisterskap. Sjå medaljeoversikt her.

- Har Sykkylven pistolklubb nye planar?

– Først og fremst å fullføre bygget vårt på Sykkylven skytestadion. Blinkar og klubbmateriell skal oppgraderast. Vi har også eit ønskje om å få til ei aktiv ungdomsgruppe. På lang sikt håper vi å få til eit heilårs innandørs tilbod, der vi kan skyte med anna enn finkaliber.

Har du lyst til å vere med?

Møt gjerne opp på bana og ta kontakt med leiar. Sjå nettsida til klubben for treningstider, fleire bilder, prisar og kontaktinformasjon. For å bli medlem i klubben må du ta eit sikkerheitskurs. Det går over tre kveldar, og krev litt eigenstudie og ei teoretisk avslutningsprøve. Av personleg utstyr treng du vernebriller og øyreklokker. 

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

pistolklubben1_web

Skytebana ligg flott til ved kommunegrensa til Stranda. (Foto: Hanne Suorza)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.