Sykkylven Rideklubb

Frå stallen på Haugset går turen rett ut i vakker natur.

hest3

Hest er best! May Lisbeth Riksheim og Stine Skogen ved stallen på Haugset. (Foto: Hanne Suorza)

Utandørs tilbod

Leiar i Sykkylven Rideklubb, May Lisbeth Riksheim, ser at hesteinteressa i Sykkylven er stor.

- Riding er ein sunn hobby. Du lærer å bli ansvarleg og å ta vare på andre enn deg sjølv, seier ho og stryk hesten kjærleg over ryggen.

På Haugset har Sykkylven Rideklubb glede av stall, ridebane og klubbhus med kiosk. Nyleg har Sykkylven kommune gitt 150 000 kroner til Sykkylven Rideklubb. Midlane er ein del av «ungdomsmillionen»; ei satsing på gode ungdomstiltak i Sykkylven, og vil gå til nytt dekke på ridebana og anna utstyr.

Om lag 80 medlemmar, dei ivrigaste er jenter og damer mellom 10 og 40 år, driv for det meste med dressur- og sprangriding. Medlemmane eig sine eigne hestar.

- Desse hestane er tiltenkt eigaren sitt nivå. Difor er ikkje alle hestane eigna for nybyrjarar, forklarer May Lisbeth.

- Stine Skogen og er ei blid og hjelpsam jente. Ho passer hesten min ofte, seier May Lisbeth Riksheim (Foto: Hanne Suorza)

- Stine Skogen og er ei blid og hjelpsam jente. Ho passer hesten min ofte, seier May Lisbeth Riksheim. (Foto: Hanne Suorza)

Draumen om ridehall

May Lisbeth fortel at klubben ønskjer at innbyggarane i Sykkylven skal få lære å ri i heimbygda.

- Difor arbeider vi med å etablere ein ridehall. Der vil vi kunne leige ut hestar og ha nødvendig heilårsdrift. Det er målet, seier ho og legg til:

- Er du interessert, må du gjerne ta kontakt. Det er alltid moglegheiter for å låne ein passande hest slik at du kan få nokre ridetimar.

hest2

Turid Hansen og Inger Anne Sætran i gang med dagens stell og reinhald. (Foto: Hanne Suorza)

Open stall

Om lag fem gongar i året har Sykkylven Rideklubb «open stall» på Haugseth.

Då kan alle som vil komme å ri, eller berre sjå på. Ein stødig ryttar leier hesten. Tilbodet er for nybyrjarar og små barn som ikkje bør ri åleine.

Klubben arrangerer kurs for dei som har hest og erfaring med sporten frå før. Som medlem i Sykkylven Rideklubb får du gratis tilgang til ridebane og utstyr. Mellom anna hinder til sprangtrening og treningsvogn for køyring. Klubben har ein hestehenger til utleige.

hest

Inger Anne Sætran og Turid Hansen har hestedilla. (Foto: Hanne Suorza)

Lang erfaring

Det var i femårsalderen, då May Lisbeth var med på rideskule i Velledalen, at ho lærte å ri. Den første tida lånte ho hest. Som 15-åring fekk ho kjøpe sin eigen.

- Vi laga til stall i fjøsen heime, som vart nytta før Nils Gunnar Brunstad laga stallplassar i fjøsen på Haugseth. Då kom interessa for dressur og sprangriding, minnest ho.

I dag rir ho fem-seks gongar i veka. Av og til blir det litt mindre. For å ha hest krev arbeidsinnsats. Det tar fort minst eit par timar dagleg å trimme og stelle hesten.

Men så er det mange fine turar som kan nytast:

- Vi er heldige som har flott natur i Sykkylven. I helgane kosar vi oss med turar i skog og mark, og om veret er godt så rir vi langs vegane, seier May Lisbeth Riksheim til brabygd.no

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Lyst til å bli med?

Sykkylven Rideklubb ønskjer både jenter og gutar, unge og gamle velkomne! Sjå facebook for kontaktinformasjon og aktivitetar. Eller skriv til sykkylvenrideklubb@hotmail.com

hest5

(Foto: Hanne Suorza)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.