Sykkylven speidargruppe

Sykkylven har den største speidargruppa mellom Bergen og Trondheim.

speiding6

Speidarane gleder seg til padling på Andestadvatnet. (Foto: Hanne Suorza)

Brabygd.no møter ei stor tropp med speidarar ved Andestadvatnet. Blant dei er Torje Vedvik, Erik Hjortdal Gjerdsrud, Even Martin Riksheim og Miriam Sporsheim, som gjerne fortel om alt det kjekke ved å vere speidar:

- Å bygge tårn og kjøkkenbenkar, fortel Erik.

- Padling er kjekt, synest Even.

- Og å sove i snøholer, meiner Torje, før han legg til at det er noko han i alle fall håper å få oppleve.

- Har speiding gitt gode minne?

- Ja, seier Miriam: For nokre år sidan reiste vi til England på leir. Eg var akkurat gammal nok til å bli med. Vi tok mange båtar for å kome dit. Og vi snakka engelsk med engelske folk.

Speidargruppa tar del i store leirar i utlandet kvart fjerde år, og på landsleirar kvart fjerde år. Altså er det to år mellom kvar storhending på leirfronten. I sommar gjekk turen til landsleiren i Stavanger. Litt fant høyrer med:

- Når vi overnattar saman blir det mykje tullprat. Vi ligg vakne mykje lenger enn vi skal, røper speidarane og flirer godt.

speiding5

Erik, Even, Miriam og Torje. (Foto: Hanne Suorza)

Naturglede

Dei fire har lært å koke mat på stormkjøkken og på bål. Blåskjell, brennsnut, og pitabrød med pizzafyll smakte godt.

- Dessutan lærer vi å overleve i naturen, fortel Erik.

- Kvifor er det viktig?

- Det er bra i tilfelle det skjer noko. Og dersom vi skal bli som Lars Monsen, så må vi vel kunne det?

- Kva synest de om Lars Monsen da?

- Han tør ganske mykje! Ja, vi liker Monsen, seier dei samstemt, og rettar merksemda mot Lars Petter Vemøy, som gir instruksar før padleturen:

- Dersom alle sit fint i båten, så er det ingen som kantrar. Vi har også kjøpt pølser og brød, og skal lage bål, opplyser Lars Petter.

spiding1

Lars Petter Vemøy gir gode rød før speidarane skal padle på Andestadvatnet. I grønn jakke står Nils Einar Rye og i kvit genser ser vi Steinar Klokk, som begge legg ned ein stor innsats i Sykkylven speidargruppe. (Foto: Hanne Suorza)

Vennskap og respekt

Sykkylven har ei aktiv speidargruppe, som fylte 75 år i 2012. Om lag 90 medlemmar er i alderen 8-19 år. Det er ei likeleg fordeling mellom gutar og jenter.

Ein som har vore aktiv i speidargruppa i mange år er Nils Einar Rye. Han fortel om stor pågang av ungar som vil bli speidarar. Stadig fleire foreldre ser verdien av eit tilbod som kan stå som eit alternativ til data og andre stillesitjande aktivitetar.

I speidargruppa har aktiv læring utandørs stort fokus. Nils Einar nemner kjærleik til naturen som eit viktig moment. Ei tydeleg etisk platform er tufta på respekt for naturen. Like så står fellesskapet sentralt. Det handlar om respekt for medmenneske. Og ikkje minst respekt for eigen verdi.

- Korleis er miljøet i Sykkylven?

- Det er veldig bra. Vi har eit godt samhald. Vi bruker moglegheitene vi har i den rike og varierte naturen både sommar og vinter, seier Nils Einar, som byrja som speidar då han var ni år.

I vaksen alder har han teke leiaransvar fordi tre av ungane har vore med.

- Speiding gir mykje og betyr mykje. Både for ungane mine og for andre barn og unge. Dessutan likar eg veldig godt fellesskapen mellom oss leiarane. Ein gong speidar – alltid speidar, seier Nils Einar Rye til brabygd.no

speiding3

Speidargruppa finn stor glede i den flotte naturen i Sykkylven. (Foto: Hanne Suorza)

Har du lyst til å bli med?

Ta kontakt med Nils Einar Rye på 482 16 663, eller Susanne Fauske på 480 22 832. 

Sykkylven har den største speidargruppa mellom Bergen og Trondheim. For å halde oppe det høge aktivitetsnivået, er det viktig med rekruttering av nye leiarar. Leiarkapasiteten avgjer kor mange speidargruppa kan ta inn kvart år. 

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

speidarhytta_web

- Speidarhytta betyr veldig mykje, seier Nils Einar Rye. Den har vore base for arbeidet i førti år. Nyleg har det blitt bygd eit lagerhus. På dugnad, naturlegvis. (Foto: Hanne Suorza)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.