I Sykkylven finn du to symjehallar og eitt utandørs badeanlegg.

På varme dagar er det mange som tar turen til friluftsbadet som ligg vakkert til ved fjorden på Ikornnes. (Foto: Jon Reidar Kurseth)
Ikornnes friluftsbad
Du kan kjøpe enkeltbillet, familiebillett eller sesongkort. På området er det eit 25 meter langt basseng, barnebasseng og boblebad. Om sommaren er bassenga oppvarma til 30 grader. Open kiosk. Friluftsbadet ligg rett ved ei gjestebrygge og Verkstaden Bistro.
Sjå ekornesmarina.com for opningstider og meir informasjon. Eller hald deg oppdatert på Facebook.
Firma og andre kan leige bassengområdet utanom åpningstid, for eksempel til kurs, bading, servering og underhaldning.
Velledalen symjehall
Bassenget har plassering i underetasja til Velledalen Grendahus. Babysymjing, herresymjing, damesymjing og familiesymjing. Badstu. På vekedagane ligg temperaturen på 28 grader.
På denne nettsida kan du lese om prisar, utleige, ordensreglar og distansemerker.
Sykkylven symjehall
Sykkylven symjehall er å finne ved kulturhuset. Babysymjing, herresymjing, damesymjing og familiesymjing. Badstu.
På denne nettsida kan du lese om prisar og opningstider.