Brunstadhornet (1524 m.o.h.)

Foto

Ystevasshornet til venstre, Dalmannshornet på venstre sida av Brunstadsætra (venstre side av elva), Brunstdahornet til høgre for elva (mellom Brunstadsætra og Vellesætra). Slogen er den spisse tinden lengst til høgre i bildet. Sjå fleire unike foto på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)

Brunstadhornet (1524 m.o.h.)

Det mest vanlege er å starte frå Brunstad og gå innover Velleseterdalen. I enden av dalen kryssar du elva og går opp den bratte Gulmorbrekka, og fram mot Gullmordalsvatnet.

Frå sørenden av Gullmordalsvatnet held du fram i same retning oppover ei slags skråning. Like før du kjem opp til ein markert fjellrygg omkransa av ein snøskavl, dreier du til venstre (aust) og går inn i ein liten dalbotn. I enden av botnen går du opp dalsida mot det lavaste punktet, og kjem opp på ei flate som dannar overgang mot Brunstaddalen. Her dreier du til venstre (nord) opp mot toppen på Brunstadhornet. Du kjem først til ein liten vard på ”fortoppen”, og dei fleste snur her. Dersom det er gode og tørre forhold kan du gå ned på ei lita hylle nokre meter vest for varden. Denne fører bort til ei 10 meter høg renne, som du kan klatre ned. Frå botnen av renna er det enkelt å ta seg opp til den høgaste toppen.

  • Oppstigningstid: 4,5 – 5,5 timar.

Du kan også gå frå via Brunstaddalen og overgang mot Gullmordalen. Les meir Fjellhugboka. (Kjelde)

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

Brunstadhornet Tone Drabløs utsikt

Utsikt frå Brunstadhornet. (Foto: Tone Drabløs)

(Foto: Lars Arild Rokseth)

Sommartur i Brunstaddalen. Skardstinden og vakre Brunstadhornet til høgre. (Foto: Lars Arild Rokseth)

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.