Brunstadsætra (300 m.o.h.)

brunstdsetra5holeweb

Brunstadsætra er ein fin liten familietur, og utgangspunkt for mange toppturar. (Foto: Jan Gunnar Hole)

Brunstadsætra

Du tek av frå riksveg 60 i krysset ved Hjorthol i Velledalen. Etter om lag 500 meter køyrer du til venstre og følgjer Brunstadvegen. Oppe på flata er det eit lite vegkryss. Her tek du av på Bøvegen og køyrer opp mot Brunstad kraftverk. God parkering på begge sider av Brunstadelva.

Ta så av til venstre og opp setrevegen. Denne vegen fører til Brunstadsætra. Etter ein halvtimes gange på austsida av elva kjem du fram på sætra.

Dersom du ynskjer å gå ein anna veg ned att, kan du gå over elva på ei gangbru. Du kan gå Mørkja ned igjen eller over på Vellesetra. Godt skilta løyper.

Frå Brunstadsætra kan du for eksempel gå vidare til Patchellhytta, Brunstadhornet, Skardstinden, Bolten, Sætretindane, Ystevasshornet og Holetindane.

Les meir i Fjellhugboka. (Kjelde)

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

brunstadsetra1Holeweb

Nakkeselet på Brunstadsætra blei tildelt Godt vern-prisen for 2013. Det er Sunnmøre lokallag av Fortidsminneforeininga og Sunnmørposten som deler ut prisen. Selet er bygd i ca. 1870.  (Foto: Jan Gunnar Hole)

brunstdsetra4Holeweb

Jan Gunnar Hole og Cathrine Gløersen Hole har lagt ned ein stor innsats i restaurering av Nakkeselet. Godt vern-prisen er eit bevis på at dei på ein god måte har teke vare på arkitektoniske og antikvariske verdiar. På bildet ser vi Jan Gunnar og Cathrine saman med borna Olav, Lars Erik og Johanne. (Foto: privat)

brunstadsetra2Holeweb

Høyløa er restaurert og gjort om til soverom. I grunngjevinga til Godt-vern juryen står det: «Av tiltak som er gjort kan nemnast; restaurering av fjøsmuren som dobbeltmur bort til høyløa, gjenoppbygging av svala, reparasjon og utskifting av totalskada tømmerlaft utført av lokalt materiale og med gamal handverksmetode, utbetring av taket med lokale materialar og gamal tekkemetode med 7 lag never. Elles er gamle detaljar teke vare på, vindua er reparert (med unntak av nytt frå 1981 mot vest som er erstatta med kopi av det gamle). Innvendig er her skaffa ein tilsvarande vedomn som den tidlegare som var totalskada. Framselet og innselet er restaurert med tidsrette møblar, og høyløa er restaurert og kan brukast til opphald.» (Foto: Jan Gunnar Hole)

brunstadsetra3Holeweb

Populær pengestein på vegen til Brunstadsætra. (Foto: Jan Gunnar Hole)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.