Dravlausnykjen (1000 m.o.h.)

Dravlausnykjen stikker opp. Skopphornet lengst bak til venstre.

Dravlausnykjen stikk opp. Skopphornet lengst bak til venstre. Sjå fleire foto frå Sykkylven på skaparglede.no (Foto: Lars Arild Rokseth)

Dravlausnykjen (1000 m.o.h.)

Du kan starte frå skogsvegen på Hjorthol ved riksveg 60. Der er det fint å parkere. På flata, nesten ved enden av skogsvegen, tek du opp til venstre, og går gjennom eit granfelt (Før trimposten). Du går den bratte sida opp mot Koppen på god rås. Når du er komen opp på Koppen (ny trimpost), dreier du til venstre og går oppover den markerte fjellryggen, forbi Tretindane og vidare langs egga i nordvestleg retning til topps. Oppstigninga er moderat og ryggen er enkel å følgje heile vegen. Delvis på rås. Like før den siste oppstigninga, ved foten av Dravlausnykjen, går det ei markert sprekke inn i fjellet.

Det er også mogeleg å gå frå Straumgjerde eller Blindheim. Sjå Fjellhugboka for meir informasjon.

  • Oppstigningstid: ca. 3 timar.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

Straumshornet til venstre, og Dravlausnykjen ligg et godt stykke lenger inn på egga, omtrent ved enden av Fetvatnet. Bildet er tatt ifra Straumsheimssætra.

Straumshornet til venstre. Dravlausnykjen ligg eit godt stykke lenger inn på egga, omtrent ved enden av Fetvatnet. Bildet er tatt frå Straumsheimssætra. (Foto: Lars Arild Rokseth)

Dravlausnykjen. Gimsdalstind til høyre.

Dravlausnykjen. Gimsdalstind til høgre. (Foto: Lars Arild Rokseth)

Dravlausnykjen en vinterdag. Langenesvatnet nede til venstre.

Dravlausnykjen ein vinterdag. Langenesvatnet nede til venstre. (Foto: Lars Arild Rokseth)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.