Fetvatnet
Du kan parkere ved Fet Møbel- og Trevarefabrikk eller i Straumgjerde ved ungdomshuset.
Dersom du startar i Straumgjerde: gå eller sykle opp til Slettegjerde fotballbane. Vidare tek du opp til venstre, over ei lita bru og mot venstre i neste kryss for å kome inn på råsa.
Dersom du startar frå Fet: gå eller sykle gjennom klyngetunet på Fet og ned mot vatnet. Vegen startar ved ei lita bru og nokre naust.
Løypa har nesten ikkje stigning, men har nokre små parti med opp- og nedoverbakkar i starten frå Straumsheim.
I underkant av halve løypa går ved Fylkesveg 60. Det er ein del biltrafikk langs fylkesvegen, så har du med små born kan det vere ein fordel å heller gå fram og tilbake på grusvegen. På fylkesveg 60 frå Fet bru ned til Straumgjerde er det lett unnabakke på asfalt. Langs grusvegen er det tilrettelagt med fleire grillplassar og benkar. Det er flott å bade fleire plassar langs vatnet.
- Rundt vatnet er det ca. 8 km.
- Å gå rundt heile vatnet tar omlag 1- 1,5 time. Å sykle tar omlag 20-40 min.
Les meir om Fetvatnet i Fjellhugboka. (Kjelde)

Sjå fleire unike foto frå Sykkylven på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)

Fet til venstre i bildet. Straumgjerde til høgre. Du kan gå eller sykle frå begge stadar. (Foto: Frank Andersen Photography)
Håkon Fedt
8. januar 2014
Det er en veldig fin tur langs fetvatnet, og dei fleste går fram og tilbake på bortsida for å unngå trafikken på fylkesveien. Når ein går frå Straumgjerde tek ein av over ei lita bru før ein kjem opp til slettegjerde. Dersom ein har bil er det greit å parkere oppe ved grinda og infotavla. Der e plass til nokre bilar på fet ved nausta og brua. God tur
Hanne
8. januar 2014
Tusen takk Håkon! Ja, det er ein super tur. Flott med nokre ord frå deg som heilt sikkert kjenner vegen her veldig godt!