Fotball – for vaksne

Turneringa ”Øss gir øss aldri” er eit årleg høgdepunkt for mange gøtt vaksne fotballspelarar i Sykkylven.

Bak frå venstre: Øyvind Bjørkavåg, Paul Magne Hole, Frode Vadseth, Arve Torset og Atle Alnes. Fremst: Ole Tom, Tom Freddy Utgård, Arnt Tore Røe, Terje Aure og Karl Johan Tafjord. (Foto: Hanne Suorza)

Fleire av desse oldboys-spelarane blir å sjå i Sykkylven storhall andre juledag. Bak frå venstre: Øyvind Bjørkavåg, Paul Magne Hole, Frode Vadseth, Arve Torset og Atle Alnes.
Fremst: Ole-Tom Lonebu, Tom Freddy Utgård, Arnt Tore Røe, Terje Aure og Karl Johan Tafjord. (Foto: Hanne Suorza)

- Andre juledag veit alle at hallen er full med kjentfolk som er heime til jul. Her server vi kaker, kaffi og mat. Dette er møteplassen for alle fotball-interesserte, seier Arnt Tore Røe, som også i år er ei av eldsjelene bak den tradisjonsrike turnerninga «Øss gir øss aldri». Han har vore med dei siste femten åra og opplyser om at FK Sykkylven har vore arrangør dei siste ti.

Fleire enn eit hundre spelarar blir å sjå på parketten i hallen andre juledag. Det er kamp om plassane:

- Turneringa var fullteikna berre nokre minutt etter at påmeldinga opna. Tolv lag skal i aksjon. Dei yngste er gute-spelarar. Første kampen blir blåst i gang klokka 10. Den siste klokka 17. Kvart lag bestemmer talet på spelarar sjølve. Snittet er åtte-ti, så vi blir over eit hundre til saman, seier Arnt Tore.

- Turneringa er prestisjefull å vinne, smiler han:

- «Gutta» har starta å fyre seg opp på turneringssida vår på Facebook, ser eg!

«Øss gir øss aldri» går live på nett, du ser den på mylivescore.no   

For deg som ønskjer å spele organisert fotball, har FK Sykkylven (FKS) følgande lag for vaksne:

  • FKS  A-lag kvinner: 11-ar i seriespel
  • FKS A-lag herrer: 11-ar i seriespel
  • FKS Kvit: B-lag, herrer 7-ar i seriespel
  • FKS Ikornnes: Herrer 7-ar i seriespel
  • FKS Oldboys: Oldboys, herrer.
  • FKS Dreamteam: Eit lag for dei som treng tilrettelagt fotballtrening.
Alag-herre

FK Sykkylven hadde denne troppa i byrjinga av sesongen. Bak frå venstre: Lagleiar Geir Igelkjøn, assistenttrenar Jim Bøchmann, Martin Espelund, Erik Sandal, Alexander Aure, Vegard Kaland, Daniel Bårdsgjære, Eirik Kaland, Per Espen Lade, Noralf Haugseth, Assistenttrenar Hallgeir Fiskerstrand og trener Robert Sogge. Fremst: Glen Ørjan Johannessen, Thomas Fure, Robin Jørgensen, Odin Alvestad, Lars Kristian Hjelseth, Håkon Hanssen og Marcus Werner Andreassen. (Foto: FK Sykkylven)

FK Sykkylven trener og speler kampar på Sykkylven stadion, Dalemyra i Velledalen, Ikornnes stadion og på Slettegjerde i Straumgjerde.

FK Sykkylven har ei oversiktleg nettside med mellom anna kontaktinformasjon og kampreferat for dei ulike laga. FKS finn du også på Facebook.

Alle lag ønskjer nye spelarar velkomne!

I Sykkylven kan du også trene fotball saman med lag som ikkje er organiserte i FK Sykkylven. Blant andre:

  • Damer: «Frustrete Fruer». Trener på Sørestranda skule ein kveld i veka. Kontaktperson Erna Bueide (Tlf: 952 61 755) fortel at damene møtest for å trene og ha det kjekt. Du bør ha spelt ein del fotball for å vere med.
  • Herrer: «Oldboys». Tidlegare fotballspelarar trener ein kveld i veka på Sykkylven Stadion. – Vi møtast for å ha det sosialt og spele fotball. Vi bruker å vere mellom 15-20 spelarar. Det er ingen av oss som speler aktivt på noko A-lag. Alderen strekk seg frå 33-50. Av og til har vi også besøk av nokre ungfolar som får vere med å spele, seier kontaktperson Tom Freddy Utgård. (Tlf: 924 58 075) Gjengen ser du på det øvste bildet.

Les også: Fotball – for barn (brabygd.no 15.10.2013)

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

Alag---dame

Damelaget til FK Sykkylven. Bak frå venstre: Arnfinn Lødemel, Sofie Helseth, Pernille Jarnes, Erika Weiberg-Aurdal, Andrea Isaksen Schmidt, Anna Hallvorsen, Mari Kjemphol, Martine Lade, Ronny Utgård og Sindre Alnes. Fremst: Lisa Haugen, Ingrid Alnes, Marte Hjelle, Fride Tandstad, Vibecke Utgård, Malin Melseth, Kristin Kalvatn, Ingrid Schanke og Ayantuu Ismail. Ikkje til stades: June Eikrem, Marita Aarseth, Marita Aurdal. (Foto: FK Sykkylven)

fotball_FK_web

FKS Ikornnes og FKS Kvit stiller med 7-ar lag i seriespel.

Dreamteam

FKS Dreamteam er eit lag for dei som treng tilrettelagt fotball. Lagleiar Mari Brenne informerer: -Dei som ikkje kan vere med på dei ordinære organiserte laga er velkomne! Vi har stor spreiing i alder frå 15 år til 39 år. Medlemmane har ulike fysiske ferdigheiter og forutsetningar, men aksepterer kvarandre. Det er eit veldig godt samhald i laget. Bak frå venstre: Volker Rust (trenar), Kenneth Iversen, Petter Hellevik, Eyvind Bårnes, Tor Årdal og Mari Brenne (lagleiar). Fremst: Martin Lade Kalvatn og Joakim Slyngstad. Ikkje til stades: Perenthira Thirugnanasampanthar og Kristian Bryne Wærøy. (Foto: FK Sykkylven)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.