
Hammarsettindane til venstre i bildet. Framfor snøfeltet ser vi Gimsdalstinden. Sjå fleire unike foto frå Sykkylven på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)
Gimsdalstinden (1007 m.o.h.)
Det enklaste og kortaste er å køyre opp Blindheimsbakkane, og vidare innover Skålholtvegen (bomveg) mot Straumsdalen. Eit lite stykke før ”Per Sveins Plass” (som er merka med skilt) tek du av til venstre over ei lita bru, og følgjer ein mindre skogsveg som endar oppunder foten av nordryggen på Gimsdalstinden.
Ved enden av skogsvegen startar ei god og brei rås som fører på sørsida av Gimsdalselva. Snart kjem du inn på råsa frå Gimsdalssætra.
Du siktar deg direkte inn på den markerte nordlege ryggen av Gimsdalstinden. Like etter tregrensa kjem du opp på ryggen, og følgjer denne vidare til topps. Mot slutten vert det smalare og kvassare, og forbi eit par parti er det enklast å gå nokre meter ned til venstre for sjølve toppegga (på Gimsdalssida).
Du kan også gå frå Vikedalen, og opp sætrevegen til Gimsdalssætra. Derifrå er det rås. Sjå Fjellhugboka for meir informasjon. (Kjelde)
- Oppstigningstid: 2,5 – 3,5 timar.

Gimsdalssætra. Gimsdalstinden midt i bildet. Sjå fleire unike foto frå Sykkylven på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)

Utsikt frå Gimsdalstinden. Vi ser mot sentrum i Sykkylven og vidare mot Ålesund. (Foto: Tommy Årnes)

Gimsdalstinden ligg rett bak den grøne marka midt i bildet. Sjå fleire unike foto på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)
Per Arne Drabløs
5. oktober 2014
Skikkelig enestående bilder fra Sykkylven. Honnør til fotografer !!