God jul!

Eg vil ønskje lesarar, annonsørar og samarbeidspartnarar ei riktig god jul! Ei ekstra varm julehelsing går til alle eldsjeler innan idrett, musikk og kultur.

julehjerte

Nokre ord frå skribenten høyrer med:

Eg er glad for at mange set pris på å lese om det som skjer etter arbeidstid i Sykkylven. Like så at presentasjonen av turløyper i Sykkylvsfjella fell i smak.

Det siste halvåret har det blitt tekst og foto om over 40 fritidsaktivitetar her på brabygd.no. I den samanheng har eg vore så heldig å få møte hundrevis av engasjerte sambygdingar. Eg er svært takknemleg for å ha fått ein varm velkomst hos alle.

Dei eg har intervjua fortel om eit givande samhald og ønskjer nye medlemmar velkomne. Det er fint det!

Desse møta får meg til å reflektere over verdien i organisert aktivitet på ein ny måte. Ikkje minst når eg har møtt muntre born i Sykkylven storhall. Å høyre ballen slå mot golvet og kjenne lukta av altfor store overtrekksvestar, vekkjer nemleg mange barndomsminner. Så bli med ein kjapp tur tilbake til storhallen anno 1993. Slik hugsar eg det:

Vi var der gjerne fem dagar i veka, lagvenninnene mine og eg. Vi spelte fotball inne og ute, før og etter skulen. Vi slo presise langpasningar, sprang sidelengs i plaskregn og utførte cruyff-finter med stor presisjon. Vi blei raske i kroppen og fekk musklar i spinkle bein. Vi vann dei fleste kampane. Gleda oss over felles meistring. Det var latter, vennskap og nokre tårer… ja, så visst kunne det vere litt drama, vi var trass alt jenter på 14 år. Men det gjekk fort over. For vi lærte at det lønte seg å vere rause. Å inkludere. Å sentre sjølv om vi helst ville drible. Vi lærte å bomme på ballen og å prøve på nytt.

Dette er 20 år sidan, men like aktuelt i dag. Eg tenker på dei vaksne som brukte av fritida si på nettopp oss. Dei inkluderte alle, blanda saft, køyrde oss hit og dit, vaska drakter, var heiagjeng, tørka tårer og overnatta i klasserom på Norway Cup. Lite visste eg den gong om verdien av innsatsen dei la ned. At sigrar og tap eigentleg ikkje var så nøye. Men at samhaldet eg fekk vere ein del av, skulle bli det eg så takknemleg reflekterer over som vaksen. Fleire av jentene er framleis mine gode venninner.

Dette innslaget handlar om å inkludere. Fint og rørande! Til inspirasjon?

No skal det så absolutt bli fint med både rolege dagar og festlege stunder saman med familie og venner. Eg er superklar!

Juleklem frå Hanne

I år som i fjor, snurr favoritt julefilm:

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

 

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.