- Det beste med å dykke er følelsen av å vere vektlaus. At det er heilt stille. Tanken på det ukjente som ligg der. Og så er det jo sjølvsagt kameratskapet, fortel Robert Fiksdal.
Robert Fiksdal tok dykkarlappen i Sykkylven i 2003. Med kamera i handa skildrar han eit fascinerande liv djupt nede i fjorden:
Maneter og vrak
Dei mest spesielle skapningane Robert har sett i Norge er djupvassmaneten Periphylla periphylla, også kalt kronemanet. Han har også sett skater og sel. I utlandet har Robert sett skjelpadder, Murener, Barracuda og Lionfish. Han ventar enno på å sjå sin første hai.
Aller best liker Robert å dykke til vrak. Blant dei mange vraka i området har Ikornnes Dykkerklubb besøkt vraket til Konsul Carl Fisser som blei senka like utanfor Ålesund i 1942.
- Dette er nydeleg og har blitt kåra til eit av dei beste vraka å dykke til i Norge. Og så kom det jo eit vrak i Hundeidvik som har blitt populært å dykke til, fortel Robert.
Reise
Saman med dei andre klubbmedlemmane har Robert vore på mange turar, mellom anna til Ålesund, Runde, Gulen, Strømsholmen, Taftasundet og Lygnstøylsvatnet i Norangsdalen.
- Lygnstøylsvatnet var ei spesiell oppleving. Denne setra blei liggande under vatn etter at eit ras blokkerte elva i 1908. Der svøm vi langs den gamle vegen og ved murar, grinder og tre som står att. Ei spennande oppleving, seier Robert.
Solid utstyr
Ikornnes Dykkerklubb blei stifta i 2001. Iniativtakarar var Stig Midtgård, Webjørn Jarnes, Tony Gjerde, Per Henning Johansen, Bjørnar Tusvik, Kjetil Brunstad, Anton Flemsæter, Jostein Nykrem, Tommy Årnes og Stig Brandal. Saman med industrivernet i Ekornes kjøpte klubben ein luftkompressor.
Etter ein periode med lite aktivitet blei det valt nytt styre og dykkarklubben vakna til nytt liv. I desember 2007 var klubben på plass i nye lokaler hos Ikornnes båtforeining. I seinare tid har det blitt investert i okysgenkoffert, førstehjelpsutstyr og dykkarflagg. Klubben sine heimeisider og logo har blitt oppgradert.

Ikornnes Dykkarklubb på veg til skal inn i skodjestraumen. Fremst: Thomas Jenssen, Lars Petter Melseth og Kai Hjorthol. Bak: Bjørnar Tusvik og Robert Fiksdal. (Foto: Robert Fiksdal)
Draumen om ein båt
I følge Robert er det mange i Sykkylven som har sertifikat, men som ikkje er aktive dykkarar.
Det trur han kan endre seg dersom klubben får tilgang til ein båt.
- Då kunne vi hatt faste klubbturar til andre områder enn dei vi når med bil. Då trur eg vi kunne fått med fleire dykkarar. Så om nokon vil sponse oss, er det berre å seie i frå, smiler han.
- Kven kan ta dykkarlappen?
- Alle frå åtte år kan dykke. Det finst mellom anna eit kurs som heiter PADI Seal Team der du lærer det grunnleggande. Så lenge du er i grei fysisk form er det ikkje noko øvre aldersgrense. Men det er nødvendig med ein helsesjekk før du tar kurset. Den enklaste måten å ta dykkerlappen på her i området er hos Ålesund Dykkersenter. På dykkersenter.no finn du informasjon om kursa.
Nybyrjarkurset til dykkarorganisasjonen PADI gir deg lov til å dykke ned til 18 meter, neste nivå til 30 meter osv.
Har du lyst til å vere med?
Alle med dykkarsertifikat er velkomne til å vere med i Ikornnes Dykkerklubb. Du finn kontaktinformasjon på ikornnesdykkerklubb.no. Kontakt Robert Fiksdal på 402 30 230 eller Kai Hjorthol på 926 71 266.