Langrenn

I Sykkylven har vi flotte skiløyper som passar for alle. Enten du er hekta på fart og føre, eller helst labbar rundt Nysætervatnet med kakao i sekken.

berth-i-tet_web

Berth Wilhelmsen i tet for ei stor gruppe langrennsløparar. Til venstre går Ole Jakob Sandvik med nummer 102. (Foto: Atle Hole)

Spreke langrennsløparar i Sykkylven står bak ei rekke populære arrangement, mellom anna Barn i løypa, merkerenn, klubbmeisterskap, Sykkylvscup, kretsrenn, Barnas Fjellsæterrunde og Det Store Folkerennet.

Ski Nordisk, som er ei av undergruppene i Sykkylven Idrottslag, har tilbod om organisert aktivitet for born og unge. Steinar Fet blir ny trenar.

- Han har vore med tidlegare og er dyktig. Dessutan er han veldig flink med borna som får lære både skøyte- og klassisk teknikk, seier Jo Sagli. Styreleiaren i Ski Nordisk opplyser om at foreldra må vere til stades i løypa saman med borna. Det er trening to gongar i veka, enten på Strandafjellet eller i Søvikdalen.

No ser Jo og mange skientusiastar fram til at lysløypa som er under bygging på Fjellsetra blir klar til bruk.

- Vi får håpe at lysa er på plass til neste vinter. Løypa vil bli eit fantastisk tilskot til langrennsmiljøet og sjølvsagt for alle andre som vil gå tur, seier Jo og legg til:

- Løypene vil sikkert bli oppkøyrt i år. Å gå ein tur med hovudlykt er eit supert alternativ!

IMG_8227_web

Kjell Magnar Berli med Jonas Sagli rett bak. Desse to var dei raskaste rundt Nysætervatnet under Det Store Folkerennet i 2013. (Foto: Atle Hole)

- Ein fantastisk kombinasjon!

På sikt håper Jo at det blir bygt eit klubbhus på ski-stadion. Då vil det bli enklare å arrangere renn og å skape eit miljø med nye medlemmar.

I år er det om lag 60 medlemmar i Ski Nordisk. Simon Halvorsen er kretslagsløpar og Jonas Sagli er med på Storfjordlangrenn. Også Tobias Sagli og Robin og Mathias Myrseth Heimstad går kretsrenn.

- Vi håper at enda fleire yngre vil delta på renn, seier Jo, som sjølv vaks opp i ein svært aktiv familie. Fire søsken blei dratt med ut i naturen frå dei lærte å gå. Etter kvart var dei med på friidrett, langrenn og terrengløp. Jo kvalifiserte seg til ein plass på Nordmøre sitt kretslag.

- Eg har alltid kosa meg med langrenn og ikkje minst sett pris på at min eigen familie har delt samme interesse.

- Kva er bra med langrenn? 

- Langrenn er ein aktivitet der du bruker dei fleste muskelgruppene i kroppen. Det er god allsidig trening. Og i tillegg kjem du deg ut i naturen. Ein fantastisk kombinasjon!

Berth Wilhelmsen fotografert under Det Store Folkerennet 2013. Berth går i sitt 70. år og er einaste sunnmøring med over 30 birkebeinermerke. (Foto: Atle Hole)

Berth Wilhelmsen fotografert under Det Store Folkerennet 2013. Berth går i sitt syttiande år og er einaste sunnmøring med over 30 birkebeinermerke. (Foto: Atle Hole)

Barn i løypa

Eit populært tilbod i Sykkylven er ”Barn i løypa” som finn stad fredagar i Søvikdalen. Om lag 250 born er med i løpet av vinteren.

- Dei møter opp uansett ver og føre! Det er fantastisk bra, seier Jo og forklarar opplegget:

- Borna blir registrert ved kvart oppmøte. Alle får premiar. Mellom sju og ti skiturar gir gullmedalje, fem gir sølv og tre gir bronse. Tre, fem og ti år med gull gir ny premie. Medaljane blir høgtidleg delt ut under den årlege avslutningsfest i Sykkylven storhall.

- Korleis er løypa i Søvikdalen? 

- Den er veldig kupert og fin. Dersom det er nok snø, så blir det laga spor med trakkemaskin. Dessverre har det vore varierande snøforhold dei siste åra. Vi får håpe på ein snørik vinter med kuldegrader, seier Jo Sagli til brabygd.no.

5-nr-33-og-111-rekrutering_

To små skiløparar under Barnas Fjellsæterrunde. (Foto: Atle Hole)

Har du lyst til å vere med?

Nye medlemmar er velkomne. Ta kontakt med Jo Sagli: 92 64 41 32 / E-post: jo@handelsservice.no

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

DSCF3187_web

Lokale karar. Frå venstre: Stian Mork, Svein Arne Nakken og Ole Johnny Myrseth som utgjorde Velledalen IL sitt sterke tremannslag i lagkonkurransen under Fjellsæterrunden 2012. (Foto: Atle Hole)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.