Megardsdalen til Megardstølen (500 m.o.h.)
Du køyrer til Hundeidvik. Hald fram forbi ferjeleiet, ta opp til venstre ved grustaket og køyr vidare opp grusvegen. Vegen er skilta. Rett før motocrossbana kjem du til ein pengebom. Om lag ein kilometer inn over vegen møter du ei «rundkøyring». Her er det fint å parkere.
Turvegen som er mest nytta går opp til vestre frå grusvegen. Det er litt motbakke til å byrje med, men etterkvart flatar det ut framover Megardsdalen. Det er veg nesten heilt fram til Megardstølen.
Dersom du heller vel å gå råsa fram gjennom dalen, blir det meir variert. Denne råsa er ofte våt så ha gode sko. Råsa startar ved parkeringsplassen. Gå rett fram. Eit lite stykke før du kjem fram til fossen kan du velje å gå frå råsa og opp på vegen.
Overgangsturen frå Hundeidvika – Megardstølen – Riksheimsdalen og til Erstad er ein flott tur i vakker natur. Megardsdalen er eit supert turmål i seg sjølv, men også eit flott utgangspunkt for lengre fjellturar. Sjå Fjellhugboka for meir informasjon. (Kjelde)
- Oppstigningstid: ca. 1 time.