Råna (1586 m.o.h.)
Det er mest vanleg å gå frå Urke. Du følgjer sætrevegen oppover Urkedalen langs venstre side av elva. Like før Haukåssætra dreier vegen markert oppover mot høgre, i retning Langsæterdalen. Her går du av vegen, og finn råsa som fører vidare innover Urkedalen mot Nordkopen.
Det er god rås som går i lett kupert terreng innover dalen langs høgre sida av elva. Når du har passert foten av Urkedalstind, og nærmar deg botnen av dalen, er det to alternative ruter som fører opp på Rånaplatået. (Sjå Fjellhugboka for alternativ to.)
I botnen av Urkedalen (Nordkopen) dreier du oppover bakkane mot høgre. Du tek sikte på to markerte piggar som viser seg i himmelranda på den lavaste delen av ryggen som kjem ned frå Midtre Regndalstind. Gå ikkje for nær oppunder tinden til høgre, ettersom her enkelte år kan vere fare for snøblokker som kalvar. Lett småklyving oppover eit område med hamrar og sva fører deg opp til dei omtalte piggane, som du enklast passerer på venstre side. NB! Under dei to omtalte piggane ligg det ofte eit bratt snøfelt. Stundom er dette så hardt at du bør bruke isøks.
Terrenget flatar no ut, og du følgjer den urete vestskråninga bort på Rånaplatået.
- Oppstigningstid: 5-6 timar.
Det er to andre alternative oppstigingar til Råna. Sjå meir informasjon i Fjellhugboka. (Kjelde)

Råna midt i bildet. Sjå fleire unike foto frå Sykkylven på skaparglede.no. (Foto: Arild Solberg)