
Regndalen har blitt karakterisert som ein av dei vakraste dalane på Sunnmøre. Det er ein typisk hengedal, dekorert med glinsande brevatn under eit imponerande islandskap. På bildet ser vi også Søre Regndalstind, Midtre Regndalstind og Råna (Den høgste toppen til høgre). Sjå fleire unike foto på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)
Regndalen
Turen opp til Regndalen startar på Velle (Vallavegen). Ta av til høgre ved ei murbygning (ein gamal møbelfabrikk) når du kjem frå Sykkylven sentrum. Der går det ein liten stikkveg mot Velledalselva. Det er god plass til parkering ved brua.
Du går over brua og held rett fram på ein traktorveg. Etter eit kort stykke tar du av til venstre ned mot elva på ei rås. Du går no forbi ei gamal utløe. Det kan vere litt vått på råsa som går fram over ein kant på nedsida av eit dyrkingsfelt.
Første delen er det flatt terreng, men etter ein knapp kilometer dreier både råsa og elva mot høgre. Du startar her på sjølve oppstigninga mot Regndalen.
Til venstre for Regndalshammaren går råsa innover mot dalbotnen.
- Oppstigningstid: 1,5 time.
Frå Regndalen kan du gå vidare til fleire toppar, mellom anna til Valljanykjen, Råna og Midtre Regndalstind. Les meir i Fjellhugboka. (Kjelde)

Utsikt frå råsa opp mot Regndalen. Vi ser Velledalen, Fetvatnet, Straumgjerde og mot Aure. (Foto: Frank Andersen photography)

Vi ser mellom anna Kløvheitind, Søre Rgndalstind, Midtre Regndalstind, Råna, Skarrabben, Blåbretinden og Trollkyrkja. Sjå fleire unike foto på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)