Skjortehornet (1082 m.o.h.)

1005021_10200988870751499_410431564_n

Skjortehornet rett over Regndalsvatnet. Kløvheitindane til høgre. Bildet er tatt frå Vallanykjen. (Foto: Lars Arild Rokseth)

Skjortehornet (1082 m.o.h.)

Du startar frå Brunstad ved Brunstad Kraft. Det er her fint å parkere. Du kan velje mellom to alternativ opp på Kløvheia:

Du kan ta opp skogsvegen til venstre eit lite stykke etter Brunstad Kraft, eller følgje setrevegen opp til Vellesætra.

Dersom du vel å gå opp skogsvegen, kan det vere litt vanskeleg å finn rett rås etter at skogsvegen sluttar. Det er fleire hjorteråser opp mot Kløven. Deretter er det god rås opp mot Kløvheia.

Dersom du vel å gå opp til Vellesætra, går du vidare på råsa innover Velleseterdalen.

Etter 30-40 meter tek du av frå denne råsa, og går til høgre inn på ei anna rås opp mot Høghaugen. Vidare held du fram bratt oppover ura mot Kløvheia. Frå Kløvheia lønner det seg å halde høgda i ein lang boge rundt dalsøkket, som fører bort mot Skjortehornet i nordvestleg retning. Siste del av ruta går du langs flat rygg i lett terreng til topps.

  • Oppstigningstid: 3 – 4 timar.

Sjå meir informasjon i Fjellhugboka. (Kjelde)

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

1511250_10200988782989305_74784623_n

Utsikt frå Lille Kløvheitind rett ned på Skjortehornet. (Foto: Lars Arild Rokseth)

regndalen1_web

Vakre fjell i Velledalen. På bildet ser vi Regndalen og Skjortehornet til venstre. Sjå fleire foto frå Sykkylven på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)

1503868_10200988782229286_2061200241_n

På veg opp Kløvheia med Lille Kløvheitind midt i bildet og Skjortehornet til høgre. (Foto: Lars Arild Rokseth)

549170_10200988782109283_2066614686_n

Skjortehornet til venstre og Kløvheia. (Foto: Lars Arild Rokseth)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.