Skopphornet (1226 m.o.h.)

(Foto: Reidar Netland)

Stemningfullt ved Skopphornet. (Foto: Reidar Netland)

Skopphornet/ Skopshorn (1226 m.o.h.)

Du kan starte frå Hundeidvik, og gå om Megardstølen. Inne på stølen går du forbi sela og passerer Litlevatnet før du dreier til venstre oppover ryggen mot nord, og følgjer denne heilt til topps. Det beste er å halde litt til høgre (aust) for kanten av ryggen. Det er jamn oppstigning før det flatar ut bort mot varden.

  • Oppstigningstid: 2-3 timar.

Eit anna alternativ er å starte på Erstad. Du køyrer opp Erstadbakkane og parkerer på parkeringsplassen før bommen. Deretter følgjer du grusvegen vidare opp bakkane til flata før Dammen. Ved Erstadsætra tek du av til høgre. Du finn då ei sauerås som går opp gjennom skogen i nordvestleg retning, til høgre for ei lita elv. Når du kjem ut av skogen er det berre å halde fram opp mot toppen i lette terreng.

  • Oppstigningstid: 3,5 – 4,5 timar.

Det finnast fleire alternativ for oppstigning. Sjå Fjellhugboka for meir informasjon. (Kjelde)

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

(Foto: Reidar Netland)

Sommarnatt på toppen av Skopphornet. Flathornet fremst og vidare ser vi mot Ålesund. (Foto: Reidar Netland)

skopphornet2-skaparglede

Sjå fleire unike bilder frå Sykkylven i 360-grader på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)

Skopphornet Reidar Netland

17. mai feiring på Skopphornet med utsikt mot fjella på vestsida av Hjørundfjorden.(Foto: Reidar Netland)

(Foto: Lars Arild Rokseth)

Snø i fjella, men ikkje i lavlandet. Utsikt frå Skopphornet til Sykkylven. (Foto: Lars Arild Rokseth)

skopphornet1-skaparglede

Sjå fleire unike bilder frå Sykkylven i 360-grader på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg) 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.