Straumshornet (976 m.o.h.)

Straumshornet-Fran-Andersen

Straumshornet i haustfargar. Råsa går opp langs fjellryggen til høgre. (Foto: Frank Andersen Photography)

Straumshornet (976 m.o.h.)

Denne ruta er mest nytta:

Du køyrer opp ved Hydro Texaco på Blindheim og vidare innover Skålholtvegen (bomveg). Parker i vegkrysset mellom Hindaholen og Langeneset.

Hald til høgre for dyrkingsfeltet. Du kjem straks inn på ei god rås som går i sørleg retning bort til fjellryggen. Det er greitt å følgje råsa opp langs ryggen. Du rundar inn til venstre ved foten av toppen. (Austsida)

Rund fjellet langs dei flataste partia til du kjem til ei brei renne, som fører rett oppover mot toppen. Når du kjem opp mot kanten, dreier du til høgre mot hovudtoppen.

Du kan også velje å starte frå Straumgjerde (Bakkane) og opp til Brune. Derifrå er ruta identisk med den ovanfor. Det er også mogleg å gå direkte opp frå grusvegen mot Langeneset.

  • Oppstigningstid frå Straumgjerde: Om lag tre timar.

Les meir om alternative ruter i Fjellhugboka. (Kjelde)

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

straumshornet5web

Stig Brekke på veg til Straumshornet. Her, ved foten av toppen, rundar du av til venstre før råsa tar deg vidare opp mot toppen. (Foto: Hanne Suorza)

straumshornet1web

Flott utsikt frå Straumshornet. Vi ser mellom anna Sykkylvsfjorden, Ikornnes, Aure, Storfjorden og Ålesund. Du kan velje å gå opp grusvegen frå Straumgjerde som vi ser nede til venstre i bildet. Eller, gjere som mange andre: køyre grusvegen frå Blindheim som vi ser til høgre i bildet. Dette blir då ei kortare rute. Parkering i krysset. (Foto: Hanne Suorza)

straumshornet11web

Straumshornet fotografert frå Ikornnes. (Foto: Hanne Suorza)

straumshornet10web

Straumshornet fotografert frå Straumgjerde. (Foto: Hanne Suorza)

1 pingback on this post
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.