Sykkylven IL Alpin

Skisporten står sterkt i Sykkylven. – Vi opplever fantastiske vinterkveldar på Fjellsetra, seier Tony Gjerde i alpingruppa.

Løpere fra flere klubber som besiktiger en løype før en kretstrening. Treneren i bildet er leder i Møre og Romsdal skikrets, Stig Aambø.

Skiløparar frå fleire klubbar studerer løypa før ei kretstrening. I raud jakke står trenar og leiar i Møre og Romsdal Skikrets, Stig Aambø.

Sykkylven alpin er ei av undergruppene til Sykkylven Idrottslag. Om lag 15 alpinistar trener ved Sunmørsalpane Skiarena Fjellseter, saman med Spjelkavik alpin.

fjellsetra2Arildweb

Sunnmørsalpane skiarena Fjellseter. (Foto: Arild Solberg)

Alpinistane i Sykkylven er fordelt i tre ulike treningsgrupper. Dei minste held til i familietrekket, medan dei eldre løparane trener i dei tre andre trasseane. Treningane inneheld teknikkøvingar, frikøyring, leik og læring i oppsette løyper. Det blir trent slalom, storslalom og super G. (Super G frå 11-12 års alderen.)

- I tillegg til å bli gode på ski, så lærer borna å vere ute i alt slags ver og å nyte naturen, seier Tony Gjerde, som har ei dotter med i alpingruppa. Ellen Gjerde har 3. plass i storslalom og 6. plass i super-G som beste prestasjon i det nasjonale barnerennet Bendit Alpinfestival på Ål i Hallingdal. Dette var i konkurranse med om lag 230 løparar frå alle delar av landet.

alpint1web

Ellen Gjerde og Trygve Furland med pokalar i handa etter eit kretsrenn på Bjorli i 2013.

- Kven kan vere med i alpingruppa?

- For å vere med må du vere i stand til å ta skitrekket på eiga hand. Eller så må borna ha med seg ein vaksen hjelpar. Det er ikkje krav til spesielle typar ski, men det er krav om bruk av hjelm, ryggplate og anna sikkerheitsutstyr. Det er vanleg at løparane sel brukt utstyr til kvarande etter kvart som dei blir eldre. På denne måten held vi kostnadene med skiutstyr på eit akseptabelt nivå.

alpint5web

Frå venstre: Aleksander Vik Lillebø, Monica Vik Lillebø, Tony Gjerde, Stig Lillebø og Cristoffer Vik Lillebø.

Uttabygds

I tillegg til treningene på Fjellsetra reiser dei eldste løparane på treningsamlinger uttabygds, både til Juvassbreen (sommer/haust) og til Bjorli.

Når skisesongen tar til for fullt, deltar alpinistane på ulike renn i regi av Møre og Romsdal skikrets. Dei ivrigaste løparane er med på nasjonale renn rundt omkring i landet.

I følge Tony er det populært å reise til Ål på Bendit Alpinfestival og til Hemsedal for å konkurrere under Donald Duck leikane. For løparane mellom 13 og 15 år er det landsfinalane som er årets høgdepunkt.

Sykkylven har hatt fleire alpinistar som har hevda seg blant ungdommar i norgestoppen. Dagens medlemmar jobbar også mot gode prestasjonar på nasjonalt nivå.

alpint3web

Ellen Gjerde klar for start på Bjorli.

- Berre moro

Sykkylven alpin har tradisjon for å arrangere eigne klubbrenn på Fjellsetra. Bygdameisterskapet og parallellslalom i påska er populære arrangement.

- Påskerenna samlar ofte mykje folk i bakken. Mange har interne konkurransar med familie og venner. Desse renna er berre moro, og det krevs kun eit par ski for å delta, seier Tony.

Jenter fra Sykkylven og Spjelkavik alpin som er sammen på trening.

Jenter fra Sykkylven og Spjelkavik alpin saman på trening.

For vaksne

Alpingruppa har også ei seniorgruppe som trener kvar fredag på Fjellsetra. Utøvarane er både tidlegare alpinistar og andre som har funne interessa i vaksen alder. Trenar er Knut Arne Hjelseth.

- I denne gruppa er det mest fokus på det sosiale, men nokre av løparane kan vise til meget gode resultat i veteran-NM, seier Tony Gjerde til brabygd.no

Har du lyst til å vere med?

Nye medlemmar er velkomne! Ta kontakt med ein av trenarane i bakken, eller sjå www.sykkylven-alpin.net for tidspunkt og kontaktinformasjon. Tony Gjerde: 924 92 305/ tony.gjerde@hotmail.com

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

Lisa Marie Årnes med startnummer .

Lisa Marie Årnes med startnummer 1.

Emma Furland i fint driv.

Emma Furland i fint driv.

Fjellsetra fotografert frå lufta. (Foto: Arild Solberg)

Fjellsetra fotografert frå lufta. (Foto: Arild Solberg)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.