Sykkylven musikk- og kulturskule

Piano, vokal og gitar er mest populært.

kulturskule5web

Emma Solberg, Solveig Grebstad Aas og Lovise Hunnes Hanssen får gitarundervisning i Sykkylven musikk- og kulturskule. -Vi lærer å spele mange songar. Det er ein bra følelse å få det til, seier jentene. (Foto: Hanne Suorza)

I skuleåret 2013/2014 er det 165 born med i Sykkylven musikk- og kulturskule. Dei lærer musikkteori, å synge, spele ulike instrument, teikne og måle.

Musikkskuleleiar Knut Kjell Fure fortel at pianoundervisning tradisjonelt har vore mest populært. Og med 48 elevar er instrumentet det som fengjer mest også i år. Men også gitar (33 elevar), vokal (27 elevar) og teikning og måling (23 elevar) fangar interessa til stadig fleire.

Knut Kjell har vore musikkskuleleiar i 20 år og ser fleire utviklingstrekk.

- Vi starta med vokalundervisning for nokre år sidan. Det er rift om plassane. Mange har utmerka seg. Ikkje minst Stine Hole Ulla, seier han.

Stine, som har vore elev ved Sykkylven musikk- og kulturskule, vann Norske talenter i 2012 og er no ute med sitt aller første album.

- Det har kome mange song-konkurransar på TV. Interessa for ungdom er også mediestyrt, seier Knut Kjell Fure.

Les meir om Stine her.

kulturskule1

Klar for elevkonsert i Sykkylven kulturhus. Frå venstre: Julie Løseth (piano), Amalie Tennøy (vokal), Thale Oksavik Tandstad (piano), Lilly Gjerde Dyb (piano), Helene Tynes (vokal), Andrea Lallemand (vokal), Marthe Foss (vokal), Vivian Saadi (vokal) og Adrian Ulla (piano).

Balladar og pop

Ei av dei som får songundervisning i kulturskulen er Helene Tynes. Under førjulskonserten til musikkskulen mandag kveld, framførte ho «The closest thing to crazy» av Katie Melua.

- Eg har likt å synge sidan eg var ei lita jente, fortel Helene.

- I januar byrja eg med song-undervisning i musikkskulen. Lærar Jostein Maude har lang erfaring og deler mange tips om teknikk og pust, seier Helene.

kulturskule3web

Kristina Runde Seljen og Knut Kjell Fure speler «Det lyser i stille grender» og «Solstråler» på piano. (Foto: Hanne Suorza)

Dette tilbyr Sykkylven musikk- og kulturskule:

Aspirantopplæring

  • For born frå og med fjerde klasse.
  • Kornett, althorn, tverrfløyte, saxofon og tromme
  • Tilbod om samspel i løpet av skuleåret
  • Denne opplæringa gjev grunnlag for å byrje i eit av skulekorpsa.

Les også: Skulekorpsa (brabygd.no 11. november 2013)

Korpsinstrument:

  • Spesielt for medlemmar i skulekorpsa.
  • Gruppeundervisning for aspirantar.
  • Individuell undervisning for vidarekomne.

Piano:

  • Individuell opplæring i 25 minutt for nybyrjarar. (I veka)
  • 30 minutt for vidarekomne elevar.
  • Nokre el-piano for utleige.

Trekkspel:

  • Gruppeundervisning i 45 minutt.
  • Individuell undervisning i 25-30 minutt.

Slagverk:

  • Individuell undervisning i 25 eller 30 minutt.
  • Samspel om lag ein gong i månaden.

Vokalundervisning:

  • Nybyrjarar startar med gruppeundervisning i 45 minutt.
  • Individuell undervisning i 25-30 minutt.

Fiolin:

  • Både klassisk og tradisjonsmusikk.
  • Individuell opplæring i 25 minutt.
  • Samspelgrupper.

Gitar:

  • Klassisk gitar, el-gitar og bassgitar.
  • Samspelgrupper om lag ein gong i månaden.

Grunnleggande musikkteori for born mellom 6-8 år:

  • Innføring i grunnelementa i musikken: melodi, takt, rytme og harmoni.
  • Enkel notelære.
  • Held til på kulturhuset.

Teikning og måling:

  • Gruppeundervisning etter alder. Frå seks år.
  • Born frå 12 år samlast i ei eiga gruppe.
  • Held til på Ungdomsskulen.
  • Undervisning i to timar kvar 14. dag.
  • Borna får lære ulike teikne- og måleteknikkar.
  • Utstilling av elevarbeid er ein del av kultursekken.

Tilbod til menneske med funksjonshemming: 

  • Rockegruppa Saft Suse øver ein og ein halv time kvar veke.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

Har du lyst til å vere med?

Det meste av undervisninga finn stad på Sykkylven kulturhus. Enkelte tilbod er lagt til skulane rundt om i grendene. Alle kan søkje, men den største målgruppa er elevar i grunnskulealder. denne sida finn du informasjon om skulerute, årsplan, lærarar og prisar. Søknadskjema finn du her. 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.