Turlaget Fjellhug

Kvart år presenterer Fjellhug Natur- og Friluftslivlag eit program med både familievennlege utflukter, skileikar og krevjande bre- og toppturar.

24.3

Fantastisk utsikt frå Smogehornet. Fjellhug har to årlege påsketurar. Skituar i romjula har også blitt tradisjon. (Foto: Fjellhug)

Fleire i fjellet

Anita Kjersheim har vore aktiv i Fjellhug sidan slutten av 80-talet.

Ho ser at interessa for turar i Sykkylvsfjella har auka svært mykje sidan den gong.

- Nokre turar er tryggast å gå saman med kjentfolk. Men den viktigaste årsaka til at folk blir med i Fjellhug, seier Anita, er ønsket om å gå saman med andre.

16.6

Anita Kjersheim er leiar i Fjellhug. Her nyt ho ein fin sommardag på Ramstadfjella. (Foto: Fjellhug)

Tempo og lengde

Eit godt sosialt miljø står sentralt i turlaget.

Difor blir det alltid teke omsyn til heile turgruppa, både med tanke på fart og behov for pausar.

- Vi ønskjer å bruke dagen i fjellet, og er ikkje så opptekne av å kome raskast til toppen, seier Anita og legg til:

- På fellesturane vil vi stifte kjennskap med nye og gamle turvenner. Det er gleden av å gå på tur og det å vere i fysisk aktivitet som er det viktigaste.

11.8.13-Lauparen-007

Fjellhug på tur til Lauparen. (Foto: Fjellhug)

19.8

- Medlemmane i Fjellhug er ein flott gjeng som er opptekne av å gå tur, men også å bevare naturen, seier Anita. Bildet er frå Holetindane. (Foto: Fjellhug)

Gode minner

Anita fortel om det fine med å vere ute og halde seg i fysisk form. Det gir ro i kroppen.

For henne starta det heile då ho var åtte-ti år. Ho hugsar sauesanking og leiting etter kalvar i Ramstaddal:

- Det var spesielt å gå i fjellet. Å sjå etter sauane. Lytte etter bjøllene. Lukte. Kjenne om der hadde vore sau. Det blir slik ei særprega god lukt når det er vått.

26.8.12-Romsdalsegga-047

Fjellhug Natur og Friluftslivlag vart skipa i 1981. Dette bildet er frå Romsdalsegga. (Foto: Fjellhug)

Frå fjøre til fjells

Opplevingane har Anita teke med seg inn i vaksen alder. I dag synest ho det er spesielt kjekt å sjå barnefamilar på tur.

- Lysta til å gå tur blir ofte etablert i barndommen. Difor er det viktig at foreldre, frivillige lag, skular og barnehagar legg til rette for borna, seier Anita, og nemner Frå fjøre til fjells; turpostane som har inspirert mange Sykkylvingar til rekreasjon i skog og mark.

Sandvikhoret-20.2.11

Sandvikshornet. (Foto: Fjellhug)

Topptur-trend og fjellvett

Anita synest det er flott at fleire går toppturar. Samtidig reflekterer ho over trenden:

- Det har blitt status å gå på høge fjell. Det kan bli negativt for dei som ikkje har føresetnad for å klare det. Det må ikkje bli slik at dersom du ikkje går på dei høgaste toppane, så er det ikkje noko å skryte av.

Alle må tilpasse tempo og turlengde etter fysisk form og turglede.

- Enkelte utfordar både seg sjølve og redningsmannskap til å ta turar dei ikkje bør. Både i forhold til kunnskap, erfaring og skredfare, seier Anita.

Les også: Trend: topptur (brabygd.no 23. oktober 2012)

7.7.13-Geita-Fjellhug-042

Tur til Geita (Foto: Fjellhug)

Utstyr til utlån

Det er mange som investerer i nytt utstyr, for eksempel GPS og skredsøkar, ved ferdsel i høgfjellet om vinteren.

Som medlem i Fjellhug kan du låne utstyr gratis:

- Kano, kajakk og lavvo er også høgst aktuelt. Vi oppfordrar fleire til å nytte seg av tilbodet, seier Anita Kjersheim til brabygd.no

Les også: Fjellhugboka: Fotturar i Sykkylvsfjella (brabygd.no 30. november 2013)

Lyst til å vere med?

Medlemmane i Fjellhug blir glade for nye turvenner – gjerne ungdommar. Dei fleste turane er opne for alle interesserte. Nokre er for medlemmar. Fjellhug stiller med erfarne førarar. Følg med på fjellhug.no eller facebook for annonserte turar. Meld di interesse eller møt opp!

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Skopphornet (Foto: Fjellhug)

Turglede i storslått alpelandskap. Her frå ein tur til Skopphornet (Foto: Fjellhug)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.