Turn

I turngruppa tar ungdommar på seg eit viktig trenaransvar. – Vi ønskjer å skape eit like godt miljø som det vi sjølve har fått vere ein del av, seier Hanne Lundanes (18).

turn_web

Karoline Eikrem og Hanne Lundanes.

Hanne har trent rytmisk gymnastikk sidan ho var åtte år. Dei to siste åra har ho vore trenar for kunkurransepartiet saman med Karoline Eikrem. 15 aktive jenter frå 13-19 år er med.

- Eg ser på gymnastane som min andre familie, seier Hanne.

- Felleskapet er viktig. Vi inkluderar alle. Å vite at eg har ein så flott gjeng å trene saman med 2-3 gongar i veka er fint. Dessutan er det kjekt å reise rundt og sjå kva andre utøvarar gjer, seier ho.

turnjenter2web

Bak frå venstre: Sara Helseth, Vanja Lyshol, Ingrid Kvam, Silje Urtegård, Margit Tandstad og Thea Hovet Brustuen. Framme frå venstre: Benedicte Værnes, Lovise Alnes, Ingerlin Ystenes Fauske, Regine Riksheim, Anniken Lyngstad og Julie Kalstad. I spagat: Emilie Kalstad. (Foto. Hanne Lundanes)

På heimebane

For to veker sidan var det kretskonkurranse i rytmisk gymnastikk i Sykkylven storhall. Om lag 100 gymnastar frå Sykkylven, Hødd og Ålesund deltok.

Hanne fortel at jentene byrja å trene til årets juleoppvisning allereie dagen etterpå:

- I år har vi gjort litt ekstra og bestilt effektar. Tema vil eg ikkje røpe. Men eg trur vi skal lage eit bra show!

Turnfest i Sykkylven storhall: søndag 8. desember klokka 15.

Les om turnfesten i 2012: Turnarane tar sats. (brabygd.no 1. desember 2012)

turnjenter1_web

Margit Vangen Tandstad med ball. (Foto: Hanne Lundanes)

Populært

I turngruppa i Sykkylven er vel 200 gutar og jenter fordelt i ni parti.  Leiar Silje Hovet gir ros til dei som tar på seg trenaransvar:

- Vi har unge, flinke trenerar som gjer ein stor innsats for turngruppa. Vi er opptatt av at dei får ta kurs; både trenerutdanning og anna kompetanse, seier Silje som har vore leiar i turngruppa dei siste fire åra.

Ho nemner variasjon som eit viktig moment. At borna får utfalde seg med hopp og sprett på spennande apparat, bidrar til populariteten.

turnkollasje1web

Øverst: Vanja Følsvik Lyshol med køller og Ingrid Lindvik Kvam med ring. Nederst: Thea Hovet Brustuen med køller og Sara Elin Helseth med ball. (Foto: Hanne Lundanes)

Stort stemne i 2014

Sykkylven skal arrangere kretsturnstemne for born og unge 24. – 25. mai 2014. Turnarar frå ulike stadar i fylket kjem for å opptre.

- Vi ser fram til parade i gatene og underhaldning i hallen, seier Silje Hovet til brabygd.no

Turngruppa har følgande tilbod:

Turn:

  • Gymleik for born: 3-6 år
  • Turn: 1. – 3. klasse
  • Turn: 4. – 6. klasse
  • Turn ungdom: 7. klasse og oppover.

Gymleik er for born og foreldre.  Alle gruppene turnar på matte og apparat.

Rytmisk gymnastikk (RG):

  • RG minirekrutt: 1. – 2. klasse
  • RG minirekrutt: 3. – 4. klasse
  • RG rekrutt og minirekrutt: 5. – 7. klasse
  • RG Konkurranse: 8. klasse og oppover

Jentene trener på eigne program, både frittståande og med reiskap: ball, ring, tau, kølle og vimpel.

Vaksne:

Trenar er Randi Ulvestad. Held til på Ullavik skule ein kveld i veka.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

Har du lyst til å vere med i turngruppa?

Kontakt: Anne Mona Eikrem anne.mona.eikrem@xi.no (Venteliste)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.